Kva slags rettar har deltakaren i samband med feiringa av id al fitr eller andre høgtidsdagar?

Deltakarar som ikkje er medlem av Den norske kyrkja har rett til fri frå deltaking i  introduksjonsprogrammet i opptil to verkedagar i samband med feiring eller markering av religiøse høgtider. Deltakaren har rett på introduksjonsstønad desse dagane.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.03.2023

Når ein deltakar ønsker å nytte retten til fri frå introduksjonsprogrammet grunna religiøse høgtider eller markeringar, gir han/ho beskjed til kommunen seinast 14 dagar på førehand.

Dette er ein rett deltakaren har knytt til helge- og høgtidsdagar, dermed skal kommunen ikkje fatte eit enkeltvedtak. Kommunen kan heller ikkje gje avslag så lenge dagen er knytt til religionen til deltakaren. Slike høgtider eller religiøse markeringar kan vere alt i frå id, nyttårsfeiring eller anna. Deltakaren kan få fri frå introduksjonsprogrammet opptil to yrkedagar i løpet av eit kalenderår. Desse dagane blir ikkje lagt til programtida slik som ved permisjon. Sjølv om dette er ein rett deltakaren har, kan kommunen krevje at desse dagane blir arbeida inn enten på førehand eller i etterkant.

Introduksjonsdeltakarar har også rett på fri skjærtorsdag, langfredag, andre påskedag, 1.mai, 17. mai, andre pinsedag, første og andre juledag og første nyttårsdag.

Heimel er forskrift til introduksjonslova § 6-1 eller integreringsforskrifta § 17.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.