Vi foreslår enklare reglar for tilskott

Fylkesmannen går inn for enklare reglar for tilskot til dei private barnehagane.  Fylkesmannen foreslår vidare at pensjonsutgiftene vert dekte ut frå kva for ordning den private barnehagen har med sine tilsette.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.08.2015

Høyring

Utdanningsdirektoratet sende ut høyringsnotat om finansiering av private barnehagar den 20.5.2015. Høyringsfristen var 20.8.2015. Direktoratet hadde lagt til rette for ei open høyring med i alt 39 spørsmål som alle interesserte kunne svare på direkte i høyringsnotatet.

Modell

Det viktigaste spørsmålet direktoratet ønskjer tilbakemelding på, er kva for modell for tilskot som skal gjelde frå 1.1.2016. Det eine alternativet liknar den modellen vi har for 2015 der tilskotet til dei private barnehagane skal reknast ut frå kostnadene per heiltidsplass i dei kommunale barnehagane to år tidlegare. Det inneber at tilskotet er basert på rekneskapstal, justerte for prisauke til tilskotsåret. Det andre alternativet er ein mykje enklare modell som tar utgangspunkt i gjennomsnittlege kostnader i alle barnehagane i Noreg, justerte for bemanninga i barnehagane i den einskilde kommunen, og kommunen sin sats for arbeidsgivaravgift. Fylkesmannen har komme til at det enkle alternativet er best, hovudsakleg fordi det sparar mykje arbeid i kommunane og hos Fylkesmannen og er enklare å kontrollere for dei private barnehagane.

Forslag frå Fylkesmannen

Fylkesmannen går ikkje inn for at dei private barnehagane skal kunne søkje om ekstra tilskot til kapitalutgifter (renter mv på lån) og pensjonsutgifter. Bakgrunnen er at grunnlaget for desse ekstra tilskota ikkje er klart nok. Vi foreslår at pensjonsutgifter vert dekte gjennom eit prosentpåslag som er ulikt ut frå kva for ordning den private barnehagen har med sine tilsette. Det er to lovlege ordningar for private barnehagar; ein basert på oppsparte midlar og ein med fastsette pensjonsytingar. Ordningane fører til ulike pensjonsytingar for dei tilsette og ulike utgifter for arbeidsgivar.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.