Landsomfattande tilsyn 2017 med Bufetat Region vest

Hovudføremålet med tilsynet var å undersøke om Bufetat sørgjer for forsvarleg ivaretaking av bistandsplikta i akuttsituasjonar og når barn flyttar på institusjon. Vi har påpeika fire brot på krav i barnevernlovgjevinga.

Rapporten omtalar funn innan dei områda tilsynet var avgrensa til og gir ikkje ei fullstendig framstilling av arbeidet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.02.2018

Dato: 22. august 2017 - 24. august 2017

Stad: BufetatRegion vest

Ansvarleg: Regionalt tilsynslag med representantar frå Fylkesmennene i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland

 

Fylkesmannen konkluderer med:

  1. Bufetat Region vest sikrar ikkje eit tilstrekkeleg informasjonsgrunnlag for sine avgjerder, og heller ikkje at det blir gjort forsvarlege vurderingar av om tiltak er eigna for å ivareta barnets behov i si utøving av bistandsplikten når barn skal ha plass i institusjon som lanlagt hjelpe- eller omsorgstiltak. Dette er brot på barnevernlova § 2-3 andre ledd bokstav a, jf. § 1-4 og § 2-3 tredje ledd.
  2. Bufetat Region vest sikrar ikkje alltid barn sin rett til medverknad i si utøving av bistandsplikta når barn skal ha plass i institusjon som planlagt hjelpe- eller omsorgstiltak.  
    Dette er brot på barnevernlova § 4-1, jf. § 2-3 andre ledd bokstav a og § 2-3 tredje ledd.
  3. NIT sikrar ikkje eit tilstrekkeleg informasjonsgrunnlag for sine avgjerder, og heller ikkje at det vert gjort forsvarlege vurderingar av om tiltak er eigna for å ivareta barnet sitt behov i sitt arbeid med å innstille på tiltak for barn med alvorlige åtferdsvansker. På denne bakgrunn oppfyller ikkie Bufetat Region vest bistandsplikta si i desse sakene.
    Dette er brot på barnevernlova § 2-3 andre ledd bokstav a, jf. § 1-4 og § 2-3 tredje ledd.
  4. NIT sikrar ikkje barn sin rett til medverknad i sitt arbeid med å innstille på tiltak for barn med alvorlege åtferdsvansker. På denne bakgrunn sikrar ikkje Bufetat Region vest barnet sin rett til medverknad i desse sakene. Dette er brot på barnevernlova § 4-1, jf. § 2-3 andre ledd bokstav a og § 2-3 tredje ledd.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner

Dokumenter