Endra tilsynsordning for barn i forsterheim

Frå 1. februar 2014 er det kommunen og ikkje barnevernstenesta som skal føre tilsyn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.03.2014

Barnevernlova § 4-22 om tilsyn med barn i fosterheim er endra. Heretter er det kommunen, ikkje barneverntenesta, som skal sjå til at alle barn i fosterheim får forsvarleg omsorg.

Lovendringa gjev samstundes kommunen fridom til å bestemme korleis dei vil organisere dette arbeidet, mellom anna kan dei sjølve bestemme kven som skal gjennomføre tilsynet. Dei må ikkje lenger peike ut ein bestemt tilsynsførar for kvart barn, men dei kan på den andre sida la dagens tilsynsførarar gjennomføre tilsynet der denne ordninga har fungert godt.

Målet med lovendringa er å styrke tilsynet gjennom eit meir profesjonelt og tydeleg kommunalt ansvar.

Reglar for tilsynet er gitt i forskrift om fosterhjem paragraf 8 og 9. Forskrifta gjev blant anna reglar om krav til tilsynets innhald, innhaldet i tilsynsrapportane og oppfølging av dei.

Les meir om endringane: Rundskriv Q-1/2014.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner