Treårsfristen etter pbl. § 21-9

I ei tolkingssuttale av februar 2020 vurderer Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) når 3-årsfristen etter plan- og bygningslova § 21-9 tar til.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.03.2020

Bortfall av løyve

Eit løyve etter plan- og bygningslova fell bort dersom tiltaket ikkje er sett i gang seinast 3 år etter at løyvet er gjeve. Løyvet fell også bort dersom tiltaket er igangsett, men arbeidet blir innstilt i meir enn 2 år. KMD skriv i ei tolkningsuttale av mai 2018 at fristen for bortfall av løyvet byrjar når tiltakshavaren har fått melding om vedtaket.

Gjeld det eit unntak frå hovudregelen?

I ei konkret sak gjekk det nesten 9 år mellom vedtaket blei gjort og tiltakshavaren fekk melding om vedtaket. Spørsmålet for KMD var om det kan tenkast unntak frå utgangspunktet om når fristen for å utføre tiltak tar til. 

Departementet tar ikkje stilling til den konkrete saka, men meiner generelt sett at gode grunnar talar for at det kan tolkast inn eit unntak frå den nemnte hovudregelen. Det må gjerast ei avveging av omsyna tidsfristen skal ivareta og omsynet til tiltakshavaren og andre som vedtaket kan ha verknad for. Både tidsaspektet og tiltakshavarens handlingsmåte blir løfta fram som særskilt relevant.    

I tillegg gjeld det uansett eit unntak frå hovudregelen i dei tilfella det følgjer direkte av lova. Etter pbl. § 21-7 andre og tredje ledd skal løyve reknast som gjeve dersom kommunen ikkje har handsama søknaden innan sakshandsamingsfristen.