Stadfesting av reguleringsplan for Larsnes Mek. Verksted AS

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har stadfesta Sande kommune sitt vedtak om detaljreguleringsplan for Larsnes Mek. Verksted AS. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.03.2021

Utvikling av industriområde

I april 2020 godkjente Sande kommunestyre detaljreguleringsplanen, som opnar for ei vidare utvikling av verksemda sitt område på Holmen på Larsnes. Planen tillèt mellom anna oppføring av ein større hall over planlagd tørrdokk.

Reguleringsvedtaket vart påklaga av fleire grunneigarar på Larsnes. Klagene var særleg retta mot den planlagde hallen og verknadene denne ville få for omgivnadene. Sande kommune tok ikkje klagene til følgje og sende saka over til Statsforvaltaren som klageinstans.

Klagene ikkje tatt til følgje

Statsforvaltaren hadde ved vurderinga av klagesaka ingen vesentlege merknader til planprosessen. Det har vore gjort utgreiingar både når det gjeld støy frå verksemda, samt soltap og visuelle verknader av hallen. Dei momenta som var tatt opp i klagene hadde i stor grad vore vurdert i samband med planprosessen.

Når det gjeld arealbruken og verknadene av hallen, er det i utgangspunktet opp til kommunen som planmynde å gjere ei avveging av dei ulike interessene i området. Statsforvaltaren hadde ingen avgjerande merknader til kommunen si saksbehandling eller arealbruksvurdering. 

Klagene vart dermed ikkje tatt til følgje.