Manglande ulovlegheitsoppfølging etter plan- og bygningslova

Sivilombudsmannen har undersøkt om kommunens avgjerd om ikkje å følgje opp ulovlegheitssaker etter plan- og bygningslova reknast som enkeltvedtak. Også  Fylkesmannens kompetanse ved klager på kommunens avgjerd blei vurdert.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.03.2020

Spørsmål om klagerett på kommunens avgjerd

Kommunen skal etter plan- og bygningslova § 32-1 følgje opp forhold som er i strid med lova. Kommunen kan avstå å følgje opp forhold av mindre betydning.

Sivilombudsmannen kom til at kommunens avgjerd etter pbl. § 32-1 ikkje er eit enkeltvedtak som det er klagerett på. Plikta til å utføre ulovlegheitsoppfølging rettar seg mot kommunen, og gjev ikkje enkeltpersonar rettigheiter eller pliktar. Konklusjonen har også tydeleg støtte i lovforarbeida.

Fylkesmannens prøving

Ei klage på kommunens avgjerd skal etter dette avvisast. Det er igjen klagerett på avvisingsvedtaket.

Etter Ombudsmannens syn er Fylkesmannens prøving av slike avvisingsvedtak avgrensa til ein kontroll av at saka ikkje gjeld eit enkeltvedtak. Fylkesmannen skal ikkje vurdere om det faktisk ligg føre ei ulovlegheit eller om ulovlegheita er av mindre betydning.

Agjerda finn du ved å følgje lenkja i ingressen.