Oppnemning av settekommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har avklart overfor Statsforvaltaren i Møre og Romsdal at det ligg til departementa å oppnemne settekommune. Kommunane kan ikkje stå for oppnemninga sjølv.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.02.2021

Problemstillinga

Statsforvaltaren kontakta KMD med spørsmål om reglane for oppnemning av settekommune. Bakgrunnen for spørsmålet var ei klagesak etter plan- og bygningslova der både ansvaret for saksutgreiinga og vedtakskompetansen var overført frå éin kommune til ein annan.

Kommunestyrets kompetanse kan ikkje overførast

Myndigheita til å gjere vedtak etter plan- og bygningslova ligg til kommunestyret. Kommunestyret kan delegere myndigheita internt i kommunen og til andre rettssubjekt. Men myndigheita kan ikkje overførast til andre kommunar (settekommune) utan at det ligg føre særskilt lovheimel. Det gjer det på generelt grunnlag ikkje.

Inhabilitet

Spørsmålet om oppnemning av settekommune kjem gjerne på spissen i samband med inhabilitet. I vår sak var teknisk sjef i kommunen inhabil. I slike tilfelle kan framleis ein overordna tilsett eller eit overordna organ til den inhabile gjer vedtak. 

Det er også slik at inhabilitet hjå ein tilsett berre medfører at den inhabile og dei direkte underordna tilsette ikkje kan gjere vedtak. Dei underordna kan framleis førebu saka. I nokre saker kan det likevel vere praktisk at saka blir førebudd i ein annan kommune.

Kommunen er sjeldan inhabil

Kommunestyret vil som regel alltid vere kompetent til å gjere vedtak. Det er sjeldan at kommunen i sin heilskap er inhabil. Kommunen reknast berre som inhabil dersom det ligg føre rettslege hinder for at kommunen ikkje sjølv kan gjere vedtak. Eit slikt rettsleg hinder ligg føre viss kommunestyret ikkje er vedtaksfør, altså at minst halvparten av medlemma (inkludert vara) er inhabile. Det ligg då til departementet å oppnemne settekommune.