Gyldige vedtak om tilskot til vinterbrøyting av Aursjøvegen

Brøytebil som brøyter ein veg på fjellet.
Vinterbrøyting. Foto: Torbudalen og Aursjøen Hytteeierforening.

Sunndal kommune vedtok å gje tilskot til Torbudalen og Aursjøen hytteeierforening i 2024 og 2025 for vinterbrøyting av deler av Aursjøvegen opp frå Litldalen. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no stadfesta at vedtaka er gyldige.

Publisert 17.03.2026

Statsforvaltaren har vurdert om kommunen tok tilstrekkeleg omsyn til naturmangfaldet og villreinen då dei behandla saka og gav tilskot.

Klage frå Naturvernforbundet

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal klaga på vedtaka om å gje tilskot på 30 000 kr i 2024 og 50 000 kr i 2025 for vinterbrøyting. Dei meiner at slike tilskot gjer det økonomisk mogleg for hytteeigarane i Torbudalen å komme seg opp til hyttene i påska. Dette vil føre til meir ferdsel i eit svært viktig trekk- og beiteområde for villreinen i den mest sårbare kalvingsperioden om våren.

Avveging av fleire ulike omsyn

– Sunndal kommune har inngåande kjennskap til villreinen sine kår i heile Snøhetta-området og i Torbuhalsen spesielt. Dei er ein aktiv deltakar i arbeidet med villreinproblematikken, seier seniorrådgivar Therese Småland hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

– Det er ikkje kommunen som avgjer retten til brøyting av vegen i dette området, dette er direkte regulert av forskrift om vern av Torbudalen biotopvernområde.

I kommunen sine saksframlegg er både vilkår i gjeldande konsesjon frå Statkraft om rett til bruk av vegen for hytteeigarane, gjeldande føresegner om ferdsel i forvaltningsplanen for verneområda for Dovrefjell, og forskrift om verneplan for Dovrefjell med vedlegg om vernet av Torbudalen biotopvernområde vurdert. Alle desse har føresegner som regulerer ferdsel og avgrensingar opp mot omsynet til villreinstammen.

– Vi meiner derfor at kommunen har lagt tilstrekkeleg vekt på dei omsyna som er relevante etter naturmangfaldlova. Kommunen har vurdert saka ut frå dei gjeldande forholda i dag, der fleire omsyn og interesser må vegast mot kvarandre. Vedtaka er derfor gyldige, seier Småland.

Framtidig ferdsel kan bli endra

Regjeringa la 19. september 2025 fram ein ny nasjonal tiltaksplan for villrein. Planen inneheld fleire forslag til tiltak for reduksjon av ferdsel i sårbare villreinområde, mellom anna stenging av Aursjøvegen for gjennomkøyring.

– Dersom verneområdestyret fastset nye juridiske føresegner, kan dette får framtidig konsekvens også for retten til vinterbrøyting av denne delen av Aursjøvegen og for hytteeigarane i desse områda, avsluttar Småland.