Fylkesmannen stadfestar vedtak om detaljreguleringsplan for Melsgjerdet industriområde

Fylkesmannen har den 21.02.20 stadfesta Ørsta kommune sitt vedtak om detaljreguleringsplan for Melsgjerdet industriområde. Klagen vart ikkje tatt til følgje.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.03.2020

I september 2019 godkjente Ørsta kommunestyre detaljreguleringsplanen. Det kom inn ein klage på vedtaket frå naboar til planområdet. Klagen tok i hovudsak opp spørsmål kring planprosessen og krav til konsekvensutgreiing, samt tilhøvet til laksevassdraget. 

Ved vurderinga av klagesaka hadde Fylkesmannen ingen vesentlege merknader til planprosessen i denne saka. Dei momenta som var tatt opp i klagen hadde i stor grad vore vurdert i samband med planprosessen, og Fylkesmannen hadde ingen avgjerande merknader til kommunen si saksbehandling eller arealbruksvurdering. Klagen vart dermed ikkje tatt til følge.