Konsekvensutgreiingar

Formålet med konsekvensutgreiingar (KU) er å klargjere kva konsekvensar planarbeid kan ha for menneske, miljø og samfunn. Det blir stilt krav om konsekvensutgreiing for alle planar som kan få vesentlege verknader for miljø eller samfunn.

Publisert 21.09.2021, Sist endret 21.09.2021

Plan- og bygningslova gir rammer for kva planar som skal ha planprogram og konsekvensutgreiing. Forskrift om konsekvensutredninger (KU-forskrifta) omtalar nærare reglar og krav om planprogram og konsekvensutreiingar.  Forskrifta omfattar både konsekvensutgreiingar for planar etter plan- og bygningslova, der ansvarleg departement er Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og konsekvensutgreiingar for tiltak etter sektorlover, der Klima- og miljødepartementet er ansvarleg.

Vedtak om arealbruk skal bygge på eit opplyst og kunnskapsbasert grunnlag. Ei god konsekvensutgreiing gir vedtaksfattarar høve til å ha betre kunnskap om kva  konsekvensar ny utbygging og endra arealbruk vil få, og dermed betre grunnlag for å avgjere om utbygginga er akseptabel eller ikkje. Konsekvensutgreiingar

  • er ein integrert del av en planprosess
  • er eit viktig demokratisk verkemiddel
  • bidrar til at både dei som blir berørt av ein plan og offentlege sektormynde kan vurdere kvaliteten på beslutningsunderlaget, og gi ei tilfredsstillande vurdering av planforslaget sine verknader for miljø og samfunn.

Kommunen har ei særleg viktig rolle som ansvarleg mynde for planar etter plan- og bygningslova, og for planar som er omfatta av krav til konsekvensutgreiingar. Kommunen har ansvaret for at føresegnene i forskrifta blir følgd. 

For meir utfyllande informasjons om konsekvensutgreiingar; sjå Veileder om konsekvensutredningfor planer etter plan- og bygningsloven

Miljødirektoratet har utarbeidd ein eigen rettleiar om konsekvensutredninger for klima og miljø.