Restaurering av våtmark

Noreg er eit av landa i Europa med størst variasjon av våtmarker. Våtmarkene er viktig både for biologisk mangfald, karbonlagring og klimatilpassing. Likevel er dei av dei mest trua naturtypane vi har.

 

Kva er våtmark?

Våtmark er område der vann møter land. Det kan vere elvar, sumpar, myrar, ulike typar ferskvatn, grunne sjøområde ned til seks meters dyp, strandsoner, fuglefjell og korallrev. Våtmarker dekker om lag 6 % av jordas landoverflate. I Noreg utgjer våtmarkene 10-12% av fastlandet.

Våtmarkene har høg biologisk produksjon, og er svært viktige for oss. Desse naturtypane er leveområde for 40 % av verdens biologiske mangfald. Dei er eit viktig samband mellom land og hav. Våtmarkene er planetens største naturlege karbonlager, samt at dei gir oss tenester som reinsing av vatn, flaumdemping og demping av tørke. Dette fordi dei fangar opp vatn og slepp det sakte ut att. Torvmose i våtmark kan for eksempel suge opp vatn tilsvarande 20 gonger si eiga vekt.

Myr lagrar utrulege mengder med karbon og er viktige økosystem med stor egenverdi. Her er vi i Aspåsmyran naturreservat i Gjemnes kommune. Foto: Miljøvernavdelinga. 

Stort press

Verdens natur er i sterk tilbakegang, og mykje er hardt påverka eller øydelagt. Våtmarkene er i dag ein av dei mest trua naturtypane globalt. 54 prosent av verdens våtmarker har forsvunne som følgje av nedbygging, oppdyrking og andre arealbruksendringar dei siste 120 åra. Om lag 87 % av våtmarkene globalt har gått tapt sidan år 1700, og vi mistar våtmark tre gonger så fort som vi mistar naturskog. I Noreg er store delar av dei opphavelege våtmarkene øydelagt eller i dårleg tilstand. Oppdyrking, nedbygging, elveutretting, oppdemming og torvhausting er hovudårsakene. Våtmarkene har heile 19 naturtypar på Rødlista.

Karbonlager

Våtmarker, spesielt torvmark, er blant jordas beste karbonlager. Myr er ein type torvmark som inneheld store mengder karbon, lagra gjennom tusenvis av år. Torvmose og andre plantar døyr i myra, og dannar over tid djupe lag med torv. Sjølv om myr og anna torvmark dekker 3 % av jordas overflate, inneheld dei dobbelt så mykje karbon som alle skogane i verda. Norske myrer lagrar minst 950 millionar tonn karbon på fem prosent av landarealet. Det svarar til om lag 3 500 millionar tonn CO2, det same som Noreg sitt årlege utslepp av klimagassar i ca. 65 år.

Torv er jordas største terrestriske karbonlager, som låser karbon så lenge det held seg vått. Dersom torvmarkene får utvikle seg naturleg, kan dei fortsette å binde store mengder karbon frå atmosfæren. Ved å bevare, men også restaurere påverka og øydelagt myr og anna våtmark, kan vi redusere karbonutslepp, auke vår kapasitet til å tilpasse oss klimaendringar, samtidig som vi sikrar biologisk mangfald og vasstryggleik.

Biologisk mangfald

Våtmarkene våre er heim for mange artar. Der lever fleire hundre karplantar, og dei fleste av dei 50 torvmoseartane i Noreg. I tillegg finst det mange artar av insekt og amfibier. Mange artar er heilt avhengig av våtmarkene og dei spesielle forholda for å overleve. Våtmarkene er også svært viktig for fuglelivet. Dei fungerer som hekkeområde, rasteplass under trekk, næringsområde, overvintringsplass, og er ein trygg stad mens dei skiftar fjørdrakt.

I Møre og Romsdal er det mange område som er viktige for fuglelivet. Særs viktig er dei fem RAMSAR-områda våre. Giske våtmarkssystem, Harøya våtmarkssystem , Sandblåst- /Gaustadvågen våtmarkssystem , Mellandsvågen og Runde.

Restaurering

Det er internasjonalt kjent at vi er inne i ei naturkrise. Natur blir øydelagt i eit forrykande tempo. Det desidert viktigaste grepet vi kan gjere er å ikkje øydelegge meir natur. Vi er også avhengig av å restaurere den naturen og økosystema vi har øydelagt. FN har erklært 2021-2030 som tiåret for naturrestaurering. Restaurering av økosystem har som mål å forhindre, stoppe og reversere forringelsen av økosystem på alle kontinent og i alle hav.

Restaurering har mange positive verknader. Det kan forhindre masseutrydding av artar, bidra til å utrydde fattigdom, samt motverke klimaendringar. Betydninga av å restaurere er understreka både i rapportar frå FN sitt naturpanel (IPBES) og klimapanel (IPCC). Den nye Naturavtalen påpeikar også kor viktig det er å restaurere meir natur, og har satt som mål å restaurere heile 30 % av dei forringa økosystema innan 2030.

Ein betydeleg del av våtmarkene i Noreg er påverka av inngrep eller bruk. Restaurering vil i mange tilfelle vere tenleg for å få tilbake våtmarka sine naturlege funksjonar og eigenskapar. Restaurering av myr vil til dømes bidra til at sjeldne orkidéar får betre levekår, og det vil sjå lysare ut for mange av fugleartane som er sterkt knytt til myr eller anna våtmark. Restaurering av myr vil kunne bremse nedbryting av torv og på sikt stabilisere karbonlagra i myra.

Vidare vil restaurering redusere risiko for flaum. Elvestrekningar som er retta ut og kopla frå våtmarker og elvesletter har ført til forsterka flaumrisiko lenger ned i vassdraga. Ved å restaurere slike våtmarker, vil elver igjen kunne få tilbake sine naturlege svingingar og flaumbasseng slik at risikoen for flaum blir mindre.

I 2016 blei ein strategisk plan for restaurering av våtmark i Noreg utarbeida i et samarbeid mellom Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet. Planen er revidert for å gjelde i fem nye år (2021-2025). Dei siste åra er det blitt restaurert ein del våtmark i Norge, spesielt myr. Statsforvaltaren og Statens naturoppsyn har sentrale roller i dette arbeidet, og kan no vise til kompetanse på dette feltet. Det blir årleg brukt mykje midlar på restaurering av våtmark. Dette gjeld no både innanfor og utanfor verneområde.

Veit du om område som burde bli restaurert?

Dersom DU skulle vite om område som kunne vore aktuelle for restaurering, ynskjer vi at du tek kontakt med Statsforvaltaren. Dersom ein finn at området er aktuelle for restaurering, kan Statsforvaltaren søkje om midlar til å få gjennomført restaureringstiltak. Dette vil ikkje krevje erfaring eller økonomi frå grunneigar eller andre si side. Det vil likevel bli stilt vilkår som sikrar at området ikkje blir gravd opp eller endra etter restaureringa.


Publisert 02.02.2023

I dag er verdas våtmarksdag

Visste du at Noreg er eit av dei landa i Europa som har størst variasjon av våtmarker? Våtmarkene er ein av dei mest trua naturtypane globalt – men dei som er i dårleg stand kan restaurerast.