Restaurering av høgmyr

Oversikt over restaureringsområdet før restaurering. Foto: Michael Røberg Eklo, Statens Naturoppsyn, Miljødirektoratet.

Gjenskaping av myr for å forbetre dei økologiske høva og for å lagre karbon. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.01.2023

Åmsmyra er eit naturreservat med variert myrlandskap og med spesielle verneverdiar knytt til høgmyr. Delar av myra vart i si tid grøfta. Dette førte til ei drenering, ikkje berre av det grøfta arealet, men også ei unaturleg uttapping av den viktige høgmyra. Vi ønska difor å hjelpe naturen tilbake ved å gjenskape våtmarka slik at den igjen skulle bli eit levested for torvmosar og slik starte opp igjen med torvbygging.

Før vi kunne sette i gang med tiltak måtte det planleggast og området synfarast. Dette gjorde vi i samarbeid med Statens Naturoppsyn.

01 Åmsmyra befaringplanlegging før hogst og restaurering.JPG

Før restaurering var det mykje tre og åpne grøfter i Åmsmyra. Biletet er frå befaringsplanlegging. Foto: Michael Røberg Eklo, Statens Naturoppsyn, Miljødirektoratet. 

Oversikt over tiltaket i kartprogrammet ArcGis. Her er demningar og pluggar teikna inn.

Biletet syner tiltaket i kartprogrammet ArcGis. Her er grøftesystemet og demningane teikna opp slik at entreprenør veit kor han skal grave. Foto: Michael Røberg Eklo, Statens Naturoppsyn, Miljødirektoratet.

Etter kartlegging og planlegging, blei det valgt ein metode kor det blei bygd lange demningar. Trea vart hogd og lagt i grøftane. Formålet med demningane var å heve grunnvatnet på det restaurerte arealet samt å binde opp og halde igjen vatnet mot høgmyra. Dei lange dammane blei valgt fordi grøftesystemet var så tett. Det må gravast så djupt at ein kjem ned og stoppar vanntransporten, før ein bygger opp igjen demningen med stedegna torvmassar. Statens Naturoppsyn følgde opp tiltaket i felt.

Formålet med restaureringa er altså å gjenskape myra, og reetablere dei naturlege forholda slik at myra etterkvart kan samle og konservere CO2 istadenfor å lekke CO2. Det oppnås raskt at det igjen blir vått som ute på ei myr. I tillegg til å få tilbake myra med sine særeigne mosar og plantar, vil også insektsfaunaen, amfibier og fugl no få betre levevilkår. 

Gravemaskin lagar demning for å avskjære lekkasje av vatn frå høgmyra.

Her er entreprenør i ferd med å lage demning for å avskjære lekkasje av vatn frå høgmyra. Foto: Michael Røberg Eklo, Statens Naturoppsyn, Miljødirektoratet. 

Detaljbygging av gravemaskin som lagar dam med lokale torvmassar.Detaljbygging av dam med torvammasse. Foto: Michael Røberg Eklo, Statens Naturoppsyn, Miljødirektoratet. 

Oversiktsbilete over langa dammar som er bygd og tildekt. Lange dammar er bygd og tildekt. Foto: Michael Røberg Eklo, Statens Naturoppsyn, Miljødirektoratet.

Dronebilete over restaureringsområdet etter restaurering.

Oversikt over restaureringsområdet etter restaurering. Dei lange dammane ligg på tvers av grøftesystemet og forhindrar vatn i å lekke unaturleg ut av myra. Foto: Michael Røberg Eklo, Statens Naturoppsyn, Miljødirektoratet.