I dag er verdas våtmarksdag

Bildet viser gravemaskin som restaurerer våtmark
Statsforvaltaren gjer mykje for å bevare og forbetre forholda i våtmarkene våre. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Visste du at Noreg er eit av dei landa i Europa som har størst variasjon av våtmarker? Våtmarkene er ein av dei mest trua naturtypane globalt – men dei som er i dårleg stand kan restaurerast.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.02.2023

Statsforvaltaren arbeider aktivt for å restaurere våtmark og myr. Det gjer vi med støtte i internasjonale konvensjonar.

Kvar 2. februar feirar verda våtmarkene. Det er den internasjonale Ramsarkonvensjonen frå 2. februar 1971 som utløyste den årlege feiringa.

Konvensjonen definerer våtmarker til: Grunne sjøområde ned til seks meters djup, strandsoner, fuktenger, ulike typar ferskvatn og elver, fuglefjell, mangroveskog og korallrev.

– Våtmarker dekker omtrent seks prosent av jorda si landoverflate. I Noreg antar vi at våtmarkene dekker 10-12 prosent av fastlandet, fortel rådgivarane Pernille Stordal Rønning og Solveig Silset Berg hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.  

Samlar biologisk mangfald og karbon

Våtmarker har mykje liv – både av planter og dyr. Her lever 40 prosent av verdas biologiske mangfald. Dessutan er våtmarkene planetens største naturlege lager av karbon.

– Myr er ein type våtmark som inneheld store mengder karbon. Dette er lagra gjennom tusenvis av år. I norsk myr er omtrent 65 gonger det årlege utsleppet av klimagassar i Noreg lagra, fortel Stordal Rønning.  

Over halvparten av verdas våtmarker har forsvunne som følge av nedbygging, oppdyrking og andre bruksendringar dei siste 120 åra.

– Vi mister våtmark tre gonger så fort som vi mister naturskog.

Det står ikkje bra til

Også mykje av våtmarka i Noreg er øydelagt eller i dårleg forfatning.

– Vi drenerer marka, dyrkar på den, bygger den om, retter ut elver, demmer opp og haustar torv – slikt er ikkje bra for våtmarka, seier Stordal Rønning.

Også framande arter, som ikkje høyrer heime på våtmarka i utgangspunktet, særleg framande treslag, truar våtmarksområda.

– Saman med klimaendringar er desse trugslane massive. Vi hos Statsforvaltaren gjer mykje for å bevare og forbetre forholda i våtmarkene våre, seier Stordal Rønning.

Bilde frå Aspåsmyran naturreservat.
Dronebilde frå Aspåsmyran naturreservat. Her har Statsforvaltaren i samarbeid med statens naturoppsyn tetta grøfter som drenerte ut myra. Torvmoser har komme tilbake. Dei danner fundamentet for sjølve torvbygginga. På sikt vil området bli ei myr som kan lagre karbon istadenfor å frigi karbon. Over 13 000 meter med grøft har blitt tetta i Aspåsmyran naturreservat. Foto: Michael Røberg Eklo, Statens Naturoppsyn, Miljødirektoratet..

Restaurering av våtmark og myr

Ho fortel at noko av det Statsforvaltaren bidreg til er å fjerne framande arter. Dei tar mellom anna initiativ til store prosjekt på hogging av sitkagran.

– Beiting er eit anna godt og førebyggande tiltak. Det nyttar vi der det er gjengrodd. Statsforvaltaren har gått inn i fleire verneområde og blant anna gitt støtte til å sette opp gjerder, nytte nofence (eit virituelt gjerde) eller til å rydde for å få betre forhold for beiting.

Silset Berg nemner fleire eksempel frå fylket.  

– I Sandblåst-/Gaustadvågen gjekk grunneigar, dyreeigar og Statsforvaltar inn i eit samarbeid der strandenger vart gjerda inn, og beitedyr vart leid inn. Dette skulle gjere området betre for fuglane som heldt til der. I eit pågåande prosjekt nyttast Nofence på geiter for å halde nede vegetasjon etter eit hogstprosjekt

Rørvikvatnet fekk livet tilbake

I 2018/19 restaurerte Statsforvaltaren Rørvikvatnet naturreservat som ligg i eit av RAMSAR-områda – i Giske våtmarkssystem. Området vart verna sidan det hadde ein viktig funksjon som hekke- og trekklokalitet for våtmarksfugl.

Foto av Rørvikvatnet frå 2015
Rørvikvatnet i 2015, før restaurering. Foto: Øivind Leren.

– Verneverdiane var i ferd med å forsvinne på grunn av at vatnet grodde igjen. Det var mykje fremmande arter som fekk spreie seg. Fleire fuglearter var heilt forsvunne frå området. På grunn av dette var også statusen som RAMSAR-område i ferd med å bli fjerna. Men, Statsforvaltaren hadde tru på at dette igjen kunne bli eit viktig funksjonsområde for våtmarksfugl, fortel Silset Berg.

Eit stort restaureringsprosjekt vart sett i gang. Sitkagran, bergfuru og lerk rundt vatnet vart fjerna. Vatnet vart mudra og vasspegelen vart heva og større. Eksisterande øyer vart utvida for å skape fristader for fugl. Det vart også laga nye øyer. 

– Allereie året etter restaureringa var fleire av fugleartane tilbake. Det er flott å sjå at fuglane etablerer seg så raskt. Mellom anna har vi sett skjeand, hettemåke, fiskemåke, gråmåke, gravand, brunnakke, krikkand, vipe, storspove og enkeltbekkasin. Fleire av desse artane er oppført som trua i Norsk raudliste, fortel Silset Berg.

På grunn av restaureringa vart også RAMSAR-statusen vurdert på nytt - og oppretthaldt!

Foto frå Rørvikvatnet 2022.
Rørvikvatnet i 2022, nokre år etter restaurering. Foto: Øivind Leren.

Les meir om våtmark og våtmarksrestaurering her:

Restaurering av våtmark | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)

Ramsarkonvensjonen forpliktar

Medlemslanda i Ramsarkonvensjonen forpliktar seg til å:

  • forvalte internasjonalt viktige våtmarksområde (Ramsarområde), slik at deira økologiske funksjonar vert oppretthaldne
  • sørge for fornuftig bruk av alle våtmarker i forvaltning og arealplanlegging, mellom anna ved å kartlegge og gjennomføre verneplanar for våtmarker
  • delta i internasjonalt samarbeid om våtmarker

Ramsar-område

Viktige våtmarksområde vert kalla RAMSAR-område. I Møre og Romsdal har vi fem Ramsar-område:

  • Giske våtmarkssystem ligg i Ålesund kommune og består av til saman seks verneområde; to naturreservat (Rørvikvatnet og Synesvågen) og fire fuglefredingsområde (Roaldsand, Rørvikvågen, Giske og Blindheimsvik). 
  • Harøya våtmarkssystem består av dei tre naturreservata Lomtjønna, Selvikvågen og Lyngholman, samt fuglefredingsområdet Malesanden og Huse. Dei ligg alle relativ nært til kvarandre på øya Harøya i Ålesund kommune.
  • Mellandsvågen ligger i Aure kommune og består av Mellandsvågen naturreservat. 
  • Sandblåst- /Gaustadvågen våtmarkssystem består av Sandblåst-/Gaustadvågen naturreservat, og ligg i Hustadvika kommune.
  • Runde ligger ytst mot havet i kommunane Herøy og Ulstein, og omfattar fire fuglefredningsområde, og eit naturreservat.

Verneplanprosessar

For å ta vare på våtmarkene i Møre og Romsdal har det vore ulike verneplanprosessar som dekker ulike type våtmark.

  • Våtmarksplanen dekte 44 område, 28 naturreservat og 16 fuglefredingsområde.
  • Vern av havstrand/elveos har 25 område. Desse er naturreservat.
  • I Smøla-planen vart 10 våtmarksområde verna.
BIlde av hettemåke
Hettemåka har ei karakteristisk mørkebrun hette. Ho er vår minste måkeart, og den som er mest knytt til ferskvannssystem. Hettemåka er kritisk trua. Foto: Frank Steinkjellå.
Bilde av Storspove
Storspova er ein sterkt trua art som blant anna er knytt til strandenger, kystlynghei, kulturmark og myr langs kysten. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Bilde av Vipe
Vipe er ein kritisk trua art som tidligare var knytt til myr og våtmark. Arten er i sterk tilbakegang. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.