Skule for framtida

På Sæbø har dei lykkast både med klimatilpassing og klimagassreduksjon.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.12.2021, Sist endret 15.12.2021

- Vi veit at klimaendringar vil føre med seg meir ekstremvêr, der faren for skred og flaum vil auke. Det er viktig at byggeprosjekt tar høgde for denne typen risiko, samtidig som dei bygger i material med lite fotavtrykk, seier Else-May Norderhus.

Statsforvaltaren møtte prosjektleiar for nye Sæbø skule og barnehage i nydeleg snødryss ein desemberdag i Ørsta. Skulen er ein av tre ulike prosjekt som er nominert til Klimasnuprisen 2021. Statsforvaltaren leiar juryen som skal plukke ut vinnaren av prisen.

Ein bra start på livet

I eit slitt skulebygg frå 50-tallet sleit lærarar og elevar med dårleg inneluft på Sæbø. Da kommunen bestemte seg for å bygge nytt, ville dei gjere det miljøvennleg både med tanke på innemiljø og klimagassutslepp.

Medan tradisjonelle bygg er ikkje-pustande, har tre evne til både å ta opp og gje frå seg vassdamp. Dette balanserer innelufta slik at ein ikkje berre er avhengig av ventilasjonssystema. I tillegg tyder fleire undersøkingar på at synleg tre verkar positivt både på trivsel, konsentrasjon og stressnivå.

Sterke krefter

Kommunen ønska å bygge i tre, med alle dei fordelane det fører med seg, men det var usikkert om eit trebygg kunne stå i mot lufttrykket som vert skapt dersom eit snøskred frå Dalagubben vert løyst ut.

Alternativet var å bygge solide betong og stålkonstruksjonar.

Mange fagekspertar i sving

Forprosjektet var heilt avgjerande. Først måtte dei finne ut kor store krefter som var i sving, deretter toleevna til materialet.

Ørsta kommune hadde ein innovativ prosess der dei inviterte inn ekspertar frå fleire forskjellige fagområde. Her var både byggfag, treteknologi og geoteknikk representert. Saman kom dei fram til at eit bygg i massivtre kan stå i mot skredvinden.

– Avgjerda blei tatt gjennom samhandling med Statsforvaltaren, NMBU, fylkeskommuna, NGI og anna teknisk kompetanse, fortel Frank Flusund.

Ny kunnskap

- Det unike med prosjektet er at vi kom fram til at tre er minst like bra som betong og stål i dette tilfelle, seier Flusund.

- Sølv om ein kan tru at tre ikkje er så sterk materiale, så er tremateriale eit solid konstruksjonsmateriale berre ein konstruerer og setter dette saman på riktig måte, fortsett han.

Bygninga består av solide krysslaminerte treskiver i alle vegger, etasjeskille og tak som gjer at heile konstruksjonen vert til ein solid samansett treklosse som skal stå imot dei store kreftene som kan kome.

- Vi slepp dermed å nytte armert betong og stål i konstruksjonen, seier Flusund.

Prosjektet viser at det å bygge med klimavennleg naturmateriale i eit skredutsett område er mogleg.  

Gjenbruk av betong

Nye krav satt også føringar for byggehøgd på skuletomta. Byggegrunnen måtte hevast om lag 80 cm for å ta omsyn til auka flaumvassføring frå Bondalselva i framtida.

Vi brukte betong frå den gamle skulen til fyllmasse under bygget. Vi slapp dermed å transportere dette vekk og sparte køyring av om lag 80 lastebillass med ny steinmasse. Dermed lever den gamle skulen bygd på 50-tallet framleis, ler Flusund.

Liv laga

–  Vi meiner at erfaringane frå Sæbø skule og barnehage kan ha verdi for andre område med liknande utfordringar, seier statsforvaltar Else-May Norderhus.

– På eit lite sted som Sæbø vil eit slikt byggeprosjekt styrke lokalt næringsliv og gje vekst i området og busettinga. Dette er òg viktig for å ta vare på kulturlandskapet rundt bygda, fortsett ho.

Spart miljøet

Utrekningar viser at ein har spart miljøet for utslepp av 185 tonn CO2 ved å bygge i massivtre på Sæbø, kontra eit standard skulebygg av same storleik.

– Her er det samanlikna med eit standard skulebygg og ikkje eit som kan stå imot kreftane frå skredvinden. Reknestykket blir nok enda betre med tanke på klima om ein tar det med i utrekningane, seier Flusund.

Effekten av karbonlagringa som er i treet i bygget er heller ikkje rekna med.

Enda ei klimagevinst er at heile bygget kan bli resirkulert. Byggematerialane kan nyttast på nytt i andre prosjekt eller bli til andre treprodukt.

– Til slutt kan treet nyttast til bioenergi og varme, men inntil då vil dette skulebygget fungere som eit karbonlager, som hindrar fleire tonn karbon i å delta i drivhuseffekten, fortsett prosjektleiaren.

Planta trær

Barna som skal nytte bygget vil ha eit nært forhold til sirkulære og fornybare byggematerial. Rett bak skulen har mange av elevane deltatt i å plante ny skog, som skal ha jobben med å fange karbon dei neste 70-80 åra. 

Aller helst må vi ivareta bygga i staden for å bygge nytt. Men om det ein gong i framtida blir naudsynt å bygge ny skule og barnehage, kan skogen nyttast til det nye bygget.

Berekraft på høgt nivå

– Dette prosjektet er eit døme på korleis vi skal nå fleire av FNs berekraftmål på ein gong, fortel statsforvaltar Norderhus.

I tillegg til klima og sirkulærøkonomi, bidreg prosjektet til god utdanning og til god helse og livskvalitet.

– Dette er rett og slett berekraft på eit høgt nivå, avsluttar statsforvaltaren.

Kontaktpersoner

Faktaboks om klimasnuprisen 2021

Årleg pris

Statsforvaltaren deler årleg ut Klimasnuprisen.

Ørsta kommune med Sæbø skule og barnehage er ein av tre finalistar nominert til å vinne prisen for 2021. Else May Norderhus drar no rundt og besøker alle tre.

Kandidatane

Dei to andre kandidatane til å vinne Klimasnuprisen er:

  • Urban Gartneren AS for miljøvennleg dyrking av salat og mikrogrønt. Dette er ei løysing for framtida, der maten produserast med optimal ressursutnytting i kort avstand til forbrukar, uavhengig av vær og klimaendringar. 

  • Finn Roger Trodal for sitt energieffektive fjøs, bygd i tremodular frå Surnadal. Solcellepanelet på taket har ein effekt på 60 kW under optimale forhold. I tillegg nyttast mjølka til varmeutveksling. 

Vinnaren av Klimasnuprisen for 2021 blir annonsert i midten av januar 2022.