Sola skinn for Finn Roger Trodal

Det vart eit energisk møte mellom Statsforvaltar Else-May Norderhus og Finn Roger Trodal. - Bra du tør å satse og gå foran, var Else-May sin første kommentar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.12.2021

Finn Roger er nemleg ein av tre som er nominert til årets Klimasnupris, og juryleder Else-May ville ut og besøke han. Bonden er nominert for sitt energieffektive fjøs som er bygd i tremodular og produserer fornybar energi. Solcellepanelet på taket som han har fått etablert har ein effekt på 60 kW under optimale forhold, mykje meir enn eige forbruk i fjøset.

Foregangsbonden

Finn Roger har alltid vore tidleg ute med å ta i bruk ny teknologi og følger ikkje straumen. Når han skulle sette opp fjøset i 2010, nekta han å bygge stålhall, som var standard på den tida.  

- Viss ikkje vi som eig skogen bygger i tre, korleis skal vi då få fart på trebruken, seier ein engasjert Finn Roger.

Fjøset vart oppført i tremodular frå MøreRoyal. Finn Roger var ein tå dei fyrste som gjekk den vegen. No har slike fjøs blitt hyllevare. Varmeveksling av mjølka gjer at ikkje noko av varmeenergien går til spille.

Eit straumeventyr

Under besøket fekk Else-May Norderhus sjå og høyre om solcelleanlegget som vart ført opp i 2018. Finn Roger peikar og forklarar når han stolt viser fram det tekniske anlegget

- På tre år har eg spart miljøet og barnebarna mine for utslepp av 100 tonn CO, fortel han.

Anlegget har 30 års garanti, og med dagens straumprisar reknar han med at det er nedbetalt allereie om 10 år.

- Under gode forhald leverer eg mykje overskotsstraum på nettet», seier den framoverlente bonden.

Han har eit lite straumforbruk sjølv, og fortel at det er mykje peng å tjene.

Håper andre følger etter

I fjøset er det 55 kyr. Her er open løysing og god luft. Den siste investeringa er nye leddlys, som minskar energibruken ytterlegare. Else-May klappar ein kalv inne i det koselege fjøset.

- Du er som ein bjellesau som viser veg inn i framtida for andre bønder, seier ho.  - Det at du har tort å satse, og no viser at de lønner seg, kan inspirere veldig mange andre til å gjere det same.

På spørsmålet om kva andre som ønsker å satse på solenergi bør gjere, har han svaret klart:

- Du må starte med å kontakte nettselskapet. Deretter må du finne ein entreprenør som kan ta seg av alt frå a til å.

Sjølv har han nytta Averøya elektro og er svært fornøgd med alt dei har bidratt med.

Infrastruktur

Finn Roger er heldig og får sende overskotsstraumen ut på nettet, sjølv om han har måtte strupe ned anlegget noko.

-  Infrastrukturen ut i distrikta er ei utfordring dersom mange skal gjere det same som meg, fortel han.

-  Det du har gjort er ei viktig og riktig satsing inn i framtida. Vi håper at dette eksempelet no set fart på straumleverandørane sitt fokus på tilrettelegging av eigen solcelleproduksjon. Ved å nominere deg til Klimasnuprisen ønsker vi både å sette fart på bruken av solenergi og å løfte fram problemstillinga med infrastruktur til å ta imot overskotsstraum, seier Else-May.

Sitt ikkje på steingarden

Finn Roger har ikkje tenkt å stoppe her. No ser han på moglegheita for å nytte noko av overskotsstraumen til å forbetre kumøkka som gjødsel. Får han til dette, kan møkka erstatte kunstgjødsel, som no er “all time high” prisa. I tillegg til store gevinstar for miljøet, kan dette bli svært økonomisk gunstig no når prisen på kunstgjødsel har tredobla seg.

Mykje å vere stolt av

Etter omvisinga er Else-May mektig imponert.

- Det å gå foran er ikkje berre enkelt, fastslår ho og er glad for at det finnast uredde bønder som tør og satse.

- Dette har vore eit utroleg energisk og inspirerande besøk, avsluttar statsforvaltaren.

-Du har mykje å vere stolt av!

Kontaktpersonar

Faktaboks om klimasnuprisen 2021

Årleg pris

Statsforvaltaren deler årleg ut Klimasnuprisen.

Finn Roger Trodal er ein av tre finalistar som er nominert til å vinne prisenn for 2021. Han er nominert for sitt energieffektive fjøs, bygd i tremodular frå Surnadal, med solcellepanel på taket som har ein effekt på 60 kW under optimale forhold. I tillegg nyttast mjølka til varmeutveksling. 

Statsforvaltar Else May Norderhus drar no rundt og besøker alle tre.

Kandidatane

Dei to andre kandidatane til å vinne Klimasnuprisen er:

  • Ørsta kommune med Sæbø skule og barnehage bygd i massivtre. Gjennom innovativ samarbeid med ulike fagmiljø er bygget konstruert til å stå i mot skredvind og tilpassa den auka risikoen for flaum.

  • Urban Gartneren AS for miljøvennleg dyrking av salat og mikrogrønt. Dette er ei løysing for framtida, der maten produserast med optimal ressursutnytting i kort avstand til forbrukar, uavhengig av vær og klimaendringar. 

Vinnaren av Klimasnuprisen for 2021 blir annonsert i midten av januar 2022.