Den urbane bonden

No opnar han Noregs første fullskala anlegg for hydroponisk dyrking av salat.
– Det er utroleg bra at vi har ein slik produsent i Møre og Romsdal, seier ei begeistra statsforvaltar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.12.2021

Else-May Norderhus er leiar for juryen som skal plukke ut vinnaren av Klimasnuprisen. Ho drar no rundt og besøker dei tre finalistane til å vinne prisen i 2021. I dag har turen kome til Urban Gartnaren AS.

Vilje av stål

Tugushan Alp var ikkje nøgd med kvaliteten på salaten i Noreg. Han ville klare det betre sjølv. I over ti år har han prøvd og feila. Etter at han starta opp med hydropondisk dyrking i eit bomberom langt under bakken i Molde, har han aldri sett seg tilbake.

Det er vanskeleg å sjå at produksjonen og kvaliteten skal kunne bli noko betre enn den er i dag, men Alp tenker ikkje på denne måten.

- Eg har ikkje tenkt å gi meg her. Vi skal fortsette med utvikling og forsking framover og produsere enda betre kvalitet i framtida.

Optimal ressursutnytting

Næringsstoff som tilførast jorda i tradisjonell dyrking renn gjerne ut i vassdrag og kan gjere skader her. I Hydropondisk dyrking veks planta direkte i rennande vatn som tilsettast det planta treng. Her slipp ikkje noko ut.

- Ein anna fordel er at planta ikkje treng å bruke så mykje ressursar på å gro røter, men kan konsentrere dei på vekst av den spiselege delen, forklarar Alp.

I tillegg resirkulerast vatnet. Planta pustar ut det meste av vatnet den tar opp. Dette vatnet blir fanga opp i lokalet og nyttast på nytt. Over 90 % av vatnet gjenvinnast på denne måten.

Sommer heile året

Alle planter treng lys for å kunne vekse. Inne i lokalane har Alp full kontroll på leddlysa sine. Her er godt og varmt, men også fokus på å spare mest mogleg energi.

- Her er det sommar kvar dag, smiler Alp.

Dette gir ikkje berre stabile vekstforhold for planta, men også eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

- Ein anna stor fordel er at vi kan dyrke heilt utan plantevernmidlar, fortsett Alp.

Kort veg til forbrukar

På denne måten kan ein kor som helst i verda, året rundt. Produksjonen kan skje der flest folk bor. Kort veg til forbrukar gir både betre kvalitet og mindre klimagassutslepp.

- Dette er også viktig for vår eigenberedskap, skyt Norderhus inn.

I tida framover kan verda bli ramma av mange ulike kriser som følger av klimaendringane. Då kan det vere heilt avgjerande at vi har tilgang på eigenprodusert mat.

Blomsterbukett

Alp kan produsere både salatar og urter. Per i dag produserer Uraban Gartneren AS berre crispisalat. Med produksjon av om lag 25 000 plantar i månaden og leveranse til alle Bunnpris-butikkane i heile fylket, kan ein kanskje likevel ikkje nytte ordet «berre».

Alp plukkar opp ein av plantane som dekker lokalet frå golv til tak. Han surrar dei tynne røtene rundt stilken og rekk den fram mot Norderhus som ein frodig, grøn blomsterbukett.

– Eg draumar om å kunne selje salaten som ein levande plante, heilt utan emballasje, seier han.

Alp sett den bognande planta tilbake der han plukka den opp.

- Dette kan vi ikkje gjere på ein åker, flirer han mens han sett salaten tilbake i vatnet.

Dette er framtida

Etter omvisinga er statsforvaltaren mektig imponert.

- Eg tenker at det her er framtida, seier ho.

- Eg vil tro at dykk kjem til å bli ein regional stoltheit, spår ho vidare.

Til slutt har Norderhus ein berre ein siste kommentar:

- Masse lykke til!

Kontaktpersoner

Sjå intervjuet med Urban Gartneren, Tugushan Alp

Faktaboks om klimasnuprisen 2021

Årleg pris

Statsforvaltaren deler årleg ut Klimasnuprisen.

Urban Gartneren AS med miljøvennleg dyrking av salat og mikrogrønt er ein av tre finalistar nominert til å vinne prisen for 2021.

Else May Norderhus drar no rundt og besøker alle tre.

Kandidatane

Dei to andre kandidatane til å vinne Klimasnuprisen er:

Vinnaren av Klimasnuprisen for 2021 blir annonsert i midten av januar 2022.