Klimasnuprisen

For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut KLIMASNUprisen. 

Publisert 18.09.2020

Prisen skal delast ut som påskjøning for

  • særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavennleg omstilling i Møre og Romsdal
  • å ha bidratt aktivt med å finne fram til eller auka bevisstheita om løysingar på klimautfordringane utan at det har gitt vesentleg negativ effekt på andre berekraftmål. (Løysingane kan gjerne vere lokale og eksempelvis knytt til energibruk, avfall, innkjøp, transport eller tilpassing til klimaendring)

Frist

Frist for nominasjon 1. oktober. 

Kven kan nominerast

Grupper og nettverk/verksemder/organisasjonar/offentlege organ/personar, som har bidratt særskilt til positiv utvikling innan klimaarbeid i Møre og Romsdal det siste året.

Kven kan sende inn forslag til nominasjon

Grupper og nettverk/verksemder/organisasjonar/offentlege organ/personar, kan sjølv nominere sine tiltak eller bli  nominert av andre, for eksempel ein samarbeidspartnar eller innbyggar. Same innsendar kan sende inn fleire forslag

Nominasjonen må innehalde

  • Namn på gruppe/nettverk/verksemd/organisasjon/offentleg organ/person og kontaktperson
  • Namn på klimatiltaket og kva kategori det høyrer til, utsleppsreduksjon eller klimatilpassing
  • Skildring av tiltaket (maks 400 ord)
  • Skildring av effekt tiltaket har på utslepp og klimaomstilling eller klimatilpassing (Maks 200 ord)
  • Skildring av overføringsverdi til andre (Maks 200 ord)
  • Liste over eventuelle referanser og referanseprosjekt

Gå til skjema for nominasjon ...

Kriterium for tildeling

  • Oppnådde resultat som vil gje fylket ei positiv utvikling med omsyn til klima.
  • Overførbart og til inspirasjon for andre
  • I tråd med FNs berekraftsmål

Vurdering av forslag og kåring av vinnar

Statsforvaltaren si faggruppe for Klimasnu vurderar dei innsendte nominasjonane og innstiller til prisen. (Ved behov hentar arbeidsgruppa inn nødvendig ekstern fagkompetanse). Ein jury, beståande av mellom anna statsforvaltaren, representantar frå KS, ungdomsrådet og forskings- og utviklingsmiljøet, handsamar innstillinga og avgjer kven som skal få prisen.

Prisen

Vinnar vil motta eit symbol som er relatert til berekraft og resirkulering. Vinnaren vil også motta ein premiesum på 10 000 kr.

Prisen skal delast ut på Nyttårskonferansen som årleg vert arrangert i januar for leiarar i offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal. Representant for tiltaket bør vere til stades på konferansen for å ta i mot prisen og presentere tiltaket.

Klimaomstilling

Med klimaomstilling meiner vi både endringar i samfunnet som gjer det mogleg å redusere klimagassutslepp og endringar som bidrar til at samfunnet er godt budd på og tilpassa eit klima i endring. 

 

KLIMAGASSREDUKSJON

For å bremse den globale temperaturstiginga i tråd med Parisavtalen må store kutt i utsleppa på plass innan 2030. Det er behov for ei stor omstilling av samfunnet i Noreg, òg i Møre og Romsdal. Får å få til dette, må det settast inn tiltak og verkemiddel for å redusere utsleppa, men òg for å auke opptak av klimagassar.

 

KLIMASTILPASSING

Klimatilpassing inneber å tilpasse seg eit klima i endring. Både for å hindre eller redusere skade, men òg for å utnytte moglegheitene som endringane kan føre med seg. Å ta omsyn til eit klima i endring er naudsynt for å gjere samfunnet meir motstandsdyktig – i dag og i framtida.