Elevar lagar nettavis for miljø!

Miljøjournalistane er eit undervisningsopplegg retta mot ungdomsskulen og vidaregåande skule. Med stoff frå mellom anna miljøstatus.no kan elevar jobbe som miljøjournalistar og lære meir om lokale, nasjonale og globale miljøtema.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.01.2013

Meir enn 400 elevar i ungdomsskular og vidaregåande skular frå heile landet har delteke som miljøjournalistar og skrive om miljøutfordringar i sin kommune i 2011 og 2012. Fleire elevar bør få vere med å lære om, og setje miljø på dagsorden gjennom å bidra i nettavisa. Bruk miljøjournalistane til å lage artiklar eller filmar om miljø i eit enkeltfag eller gjennom eit fleirfagleg miljøprosjekt på skulen! Nettavisa miljøjournalistane.no har mange gode tips til korleis elevane kan jobbe som miljøjournalistar og eksempel på lokale miljøsaker. Enkle verktøy og gode lærarrettleiingar gjer jobben enklare for lærarane. Lærarar og elevar kan og spørre fagpersonar i miljøforvaltninga om miljøspørsmål.

Eid vidaregåande skule har nyleg jobba med miljøjournalistane og lagt ut spennande artiklar om korallrev, vindkraft, global oppvarming, økologisk mat og "lavkarbo"-dietten i eit helse- og miljøperspektiv. Klima- og forureiningsdirektoratet er redaktør for nettavisa.