Andre tema innanfor områda forureining og avfall

På denne sida har vi samla artiklar frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som inneheld informasjon om ulike tema innanfor områda forureining og avfall.


Publisert 14.03.2024

Prosjekt Reinare fjord Ålesund

Aspevågen ved Ålesund er eit av dei 17 prioriterte hamneområda i den nasjonale handlingsplanen for opprydding på forureina sjøbotn. Ei rekke undersøkingar viser at hamna er sterkt forureina med tungmetallar, organiske miljøgifter, PAH-forbindingar og tributyltinn (TBT).


Publisert 04.10.2021

Tvangsmulkt til Veidekke om lukttiltaka ikkje blir gjennomført

1, 5 millionar i tvangsmulkt er prisen Veidekke industri AS avdeling Kristiansund må betale dersom dei ikkje har gjort tiltak for å minske luftforureininga innan 1. februar 2022.


Publisert 28.06.2021

Luftkvalitet

Ulike forureiningar i utandørs luft kan føre til helseskadar. I nyheitene får vi av og til vite korleis det er i område av verda med svært høg luftforureining. Men også i Norge er luftkvaliteten dårleg i mange område. Særleg i periodar med kulde og tørt vêr hopar forureiningane seg opp.


Publisert 28.06.2021

Brenning av bygningar

Det hender at kommunar og privatpersonar ønskjer å kvitte seg med bygningar ved å brenne dei. Skjer dette, vil det føre til forureining av luft og grunn.


Publisert 28.06.2021

Kan betongavfall brukast på nytt?

Brukt betong (returbetong) er avfall som kan leverast til mottak med løyve frå statsforvaltaren. Slike mottak kan vere anlegg som tek imot mange typar avfall eller mottak som berre tek imot returbetong og returasfalt. Noko av avfallet kan brukast på nytt. Vi vil her informere om kva ein må ta omsyn til før betong kan brukast om igjen.


Publisert 28.06.2021

Ulovleg handsaming av avfallsmassar

Statsforvaltaren har over lengre tid fått inn meldingar om ulovleg handtering av avfallsmassar. Det kan sjå ut til at problemet gjeld for heile fylket.