Opning av Driva kultiveringsanlegg
Lakserogn til reetablering av laksebestandar i Drivaregionen er no på plass i Driva kultiveringsanlegg på Vermøy i Sunndal.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Driva kultiveringsanlegg på Vermøy skal bidra til gjenoppbygging av laksebestandane i Driva, Litjdalselva og Usma. Anlegget fekk ny konsesjon av Statsforvaltaren før nyttår, og vart opna tirsdag 24. januar.
Les om opninga på nettsida til Drivaregionen.
Anlegget er eigd av TrønderEnergi og vart opprinneleg bygd for å effektuere pålegget om utsetting av laksesmolt i Driva, som kompensasjon for dei ulempene vassdragsreguleringa til Driva kraftverk medfører. Utsettingane vart stansa som følgje av at Driva vart infisert av Gyrodactylus salaris. Det er inngått avtale mellom Miljødirektoratet og Trønderenergi om bruk av anlegget til reetablering av laksebestandar i tre elvar i Drivaregionen. Anlegget er oppgradert og skal nyttast til å produsere utsettingsmateriale av laks i ulike livsstadier, i samsvar med bevarings- og reetableringsplanen for Drivaregionen. Reetableringa i Driva skal pågå til 2035.
Anlegget vil i kombinasjon med Haukvik genbank sørge for at bevarings- og reetableringstiltaka for laks i planen blir ivaretatt. Materiale av sjøaure frå Litjdalselva, Batnfjordselva og Usma blir oppbevart på Hamre og Herje genbank i Rauma kommune. Herje genbank er eigd av Statsforvaltaren og har gjennomgått ei større oppgradering dei siste åra. Rogn frå sjøaure i dei tre elvane og laks frå Batnfjordselva vil bli tilbakeført og klekka på Jordalsgrenda kultiveringsanlegg i Sunndal.
Tre genbankar og to kultiveringsanlegg vil altså bli brukt i det omfattande arbeidet. I tillegg foregår oppflytting av sjøaure ved sperra i Driva. Målet er at laks- og sjøaurebestandane i elvane skal nå gamle høgder. Kultivering og naturleg rekruttering skal saman sørge for dette når elvane forhåpentlegvis er fri for lakseparasitten.