Informasjonsbrev veke 25/2026

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Fristar for tilvising og utbetalingar i fagsystema i sommar 
  • Kandidat til bedriftsutviklingsprisen i landbruket? Frist 20. august. 
  • Jordregisteroppdatering i Landbruksregisteret 
Publisert 17.06.2026

Fristar for tilvising og utbetalingar i fagsystema i sommar 
Landbruksdirektoratet har ferie i veke 30 og 31. Det vil ikkje bli utbetalt eller fakturert noko i denne perioden. 

Utbetalingar i fagsystema AGROS og ØKS må vere tilviste seinast innan utgangen av søndag 12. juli. 

Andre utbetalingar må vere tilviste i fagsystema innan onsdag 15. juli. 
 

Kandidat til bedriftsutviklingsprisen i landbruket? Frist 20. august. 
Kjenner du til nokon som har starta ei vellukka og berekraftig bedrift basert på ressursar i landbruket eller bygdene? No kan du nominere kandidatar til årets bedriftsutviklingspris i landbruket! Det skal kårast vinnarar i alle fylka, og alle dei regionale vinnarane blir med i konkurransen om den nasjonale prisen. Fylkesvinnaren får 50 000 kroner og den nasjonale vinnaren 300.000 kroner. Fjorårets vinnar i Møre og Romsdal var Renndølsetra i Sunndal. 


Meir informasjon og skjema for nominasjon finn du her: 

 Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2026 | Innovasjon Norge

 
Jordregisteroppdatering i Landbruksregisteret 
Det blir som vanleg køyrt massivoppdatering av arealtal i Landbruksregisteret frå jordregister i september. Desse arealtala blir nytta som kontrollgrunnlag t.d. ved søknader om produksjonstilskot.  

Det er no lansert nytt Landbruksregister, og det er/vil bli fleire rapportar tilgjengelege som følgje av det. I utgangspunktet er det to ting som er viktige for at arealtala skal vere riktige:  

  1. Tilknytning mellom grunneigedomar og landbrukseigedomar i Landbruksregisteret. Ein landbrukseigedom kan bestå av fleire grunneigedomar, og det er viktig at dette er komplett (ikkje viktig dersom det er parsellar utan areal). 
  2. At AR5 er rett. Dersom AR5 ikkje stemmer med verkelegheita, er det i AR5 rettinga bør skje.

Det er fortsatt mogleg å registrere arealtal direkte i Landbruksregisteret. Det bør skje berre unntaksvis, og då i tilfelle der det er uavklarte arealtal eller det er openbare feil i kartgrunnlaget. 

Frist for å ha AR5 oppdatert for å få oppdaterte tal over frå jordregisteret til Landbruksregisteret er 24. august.