Informasjonsbrev veke 25/2026
- Fristar for tilvising og utbetalingar i fagsystema i sommar
- Kandidat til bedriftsutviklingsprisen i landbruket? Frist 20. august.
- Jordregisteroppdatering i Landbruksregisteret
Fristar for tilvising og utbetalingar i fagsystema i sommar
Landbruksdirektoratet har ferie i veke 30 og 31. Det vil ikkje bli utbetalt eller fakturert noko i denne perioden.
Utbetalingar i fagsystema AGROS og ØKS må vere tilviste seinast innan utgangen av søndag 12. juli.
Andre utbetalingar må vere tilviste i fagsystema innan onsdag 15. juli.
Kandidat til bedriftsutviklingsprisen i landbruket? Frist 20. august.
Kjenner du til nokon som har starta ei vellukka og berekraftig bedrift basert på ressursar i landbruket eller bygdene? No kan du nominere kandidatar til årets bedriftsutviklingspris i landbruket! Det skal kårast vinnarar i alle fylka, og alle dei regionale vinnarane blir med i konkurransen om den nasjonale prisen. Fylkesvinnaren får 50 000 kroner og den nasjonale vinnaren 300.000 kroner. Fjorårets vinnar i Møre og Romsdal var Renndølsetra i Sunndal.
Meir informasjon og skjema for nominasjon finn du her:
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2026 | Innovasjon Norge
Jordregisteroppdatering i Landbruksregisteret
Det blir som vanleg køyrt massivoppdatering av arealtal i Landbruksregisteret frå jordregister i september. Desse arealtala blir nytta som kontrollgrunnlag t.d. ved søknader om produksjonstilskot.
Det er no lansert nytt Landbruksregister, og det er/vil bli fleire rapportar tilgjengelege som følgje av det. I utgangspunktet er det to ting som er viktige for at arealtala skal vere riktige:
- Tilknytning mellom grunneigedomar og landbrukseigedomar i Landbruksregisteret. Ein landbrukseigedom kan bestå av fleire grunneigedomar, og det er viktig at dette er komplett (ikkje viktig dersom det er parsellar utan areal).
- At AR5 er rett. Dersom AR5 ikkje stemmer med verkelegheita, er det i AR5 rettinga bør skje.
Det er fortsatt mogleg å registrere arealtal direkte i Landbruksregisteret. Det bør skje berre unntaksvis, og då i tilfelle der det er uavklarte arealtal eller det er openbare feil i kartgrunnlaget.
Frist for å ha AR5 oppdatert for å få oppdaterte tal over frå jordregisteret til Landbruksregisteret er 24. august.