Informasjonsbrev veke 13/2026

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Har du ein kandidat til kulturlandskapsprisen 2026? 
  • Rettleiar for skjøtsel av kantvegetasjon langs vassdrag 
  • Ny utgåve av Gårdskart aktuelt 2/2026 
  • Fylkesnytt frå Møre og Romsdal
Publisert 25.03.2026

Har du ein kandidat til kulturlandskapsprisen 2026? 

Vi oppmodar alle kommunar til å foreslå ein kandidat innan fristen 1. mai!  

Du kan sende inn forslag via det elektroniske skjemaet her: Forslag på kandidat til Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal 2026 

Gjennom åra har vi fått mange sterke og gode kandidatar frå dykk i den kommunale landbruksforvaltninga – fleire av dei har òg vunne prisen. Dykkar innsikt og nærleik til næringa gjer dykk særleg godt eigna til å peike ut aktuelle kandidatar. 

Vi har enda ikkje hatt nokon vinnar frå følgande kommunar: Aukra, Aure, Averøy, Giske, Hareid, Kristiansund, Sande, Sula, Tingvoll, Ulstein, Volda, Ørsta og Ålesund - og ønskjer gjerne forslag på kandidatar frå desse kommunane.  

Du kan lese meir og sjå tidlegare vinnarar her: Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal 

Kontaktperson: Ragnhild Naug Aas  

 

Rettleiar for skjøtsel av kantvegetasjon langs vassdrag 

For mange i landbruket er tida inne for å sjå over jordekantar både mot skog og vassdrag no før vekstsesongen tek til. Rettleiaren tek for seg kva ein har lov å gjere uten søknad, kva som er søknadspliktig, samt råd for skjøtsel i kantsoner. 

Det er fleire tilskotsordningar knytta til kantvegetasjon, desse blir ôg omtala i rettleiaren. 

Rettleiaren finn du her:  Kantvegetasjon - Skjøtselsveilederen 

Kontaktperson: Johannes Roaldset  

 

Ny utgåve av Gårdskart aktuelt 2/2026 

Her kan du lese om: 

  • Ny funksjonalitet og nye kartlag i Gårdskart 

  • Webinar om Gårdskart 

  • Kurs i klassifisering av AR5 i felt 

  • Kurs i AR5web – nettløysing for ajourhald 

  • Oppdatert informasjon i Areabarometer 

     Gårdskart aktuelt finn du HER 

Kontaktperson: Odd Løset 

 

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal  

På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet skriv Statsforvaltaren to gonger for året eit Fylkesnytt frå Møre og Romsdal, som vert publisert på regjeringa sine nettsider. Årets fyrste utgåve er publisert, og kan lesast her.    

Vi har skrive om kartlegging av konsekvensane med nytt gjødselregelverk, husdyr som fundament i matproduksjonen, status for økologisk landbruk, jordvernstrategi i Volda kommune, opprydding etter stormen Amy og rekordhøg planteaktivitet.  

Eit tips: Dersom du ikkje allereie abonnerer på nyheitsbrev frå regjeringa, kan du melde deg på her.   

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger