Spesialitetsmerke til Solemdalslefse

Frank Madsøy, Landbruksdirektør hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal, deler ut Spesialitetsmerket for Solemdalslefse. Foto: Brit Kari Hauger

Heimebakst AS er tildelt Spesialitetsmerket for Solemdalslefse. Landbruksdirektør Frank Madsøy stod føre den høgtidelege overrekkinga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.06.2021

Solemdalslefse er ei tynnlefse, bakt etter gammal oppskrift frå Solemdalen. Lefsene vert i si heilheit laga for hand og steikt på takke. Deretter vert dei smurt med ein krem av rømme, prim, smør og sukker. Kremen vert laga i tre trinn, noko som gjer den særleg luftig og syrleg.

Ion Ursu og Ann Kristin Blomqvist tok over firmaet Heimebakst i 2018. Dei ynskte å heidre gründerane Anna Brokstad og Ingunn Sandnes som opprinneleg starta eit cateringfirma, men som utvikla seg til eit lefsebakeri på grunn av dei svært populære lefsene. Søstrene Anna og Ingunn sine lefseoppskrifter er nøye vidareført.

Anna seier med glimt i auget:

- I opplæringa fekk Ion og Ann Kristin beskjed om å gjere som eg seier, og ikkje slik dei trur dei skal gjere.

 

Spesialitetsmerket er eit kvalitetsstempel

Spesialitet er eit offisielt informasjonsmerke som vert tildelt den beste lokalmaten og -drikka. Merket garanterer at maten eller drikka er:

  • Basert på dei beste norske råvarene
  • Laga etter særeigne, gjerne lokale oppskrifter
  • Laga av dyktige mathandverkarar
  • Vurdert og godkjent av ein uavhengig fagjury med høg matfagleg kompetanse

Fagjuryen er leia av kokken Harald Osa, og har mellom andre også kokk og kommentator på TV Norge, Ole Martin Alfsen, som medlem. Merkeordninga vert administrert av Stiftelsen Norsk Mat, ein uavhengig stiftelse oppretta av Landbruks- og matdepartementet.

Solemdalslefse er eit produkt i særklasse!

Fagjuryen sin uttale er: «Solemdalslefse har ei pen og svært jamn overflate og ei rund, innbydande lukt. Konsistensen er mjuk, men samtidig akkurat passeleg “bitt” og tyggemotstand. Smaken er rund og lett syrleg med fint balansert sødme. Solemdalslefse er eit produkt i særklasse i sin kategori!»

- Dette er ei lefse som har alt! Samansetnaden av smak og godt handverk, gjer dette til ei lefse heilt i særklasse, seier Nina Sundquist i Stiftelsen Norsk Mat.

Solemsdalslefse er Heimebakst sin bestselgar, men dei har også andre nydelege lefser som Buggelefse, Mors tynnlefse og tjukklefse. Lefsene er å få kjøpt i over 50 butikkar, samt på marknader og matfestivalar frå Stavanger til Trondheim.