Økologisk lunsj med Maria Berg Hestad under Matfestivalen i Ålesund

Medan deltakarane fekk servert ein smakfull lunsj av råvarer i sesong, kunne vi høyre kvifor kjøkkenhagebloggar Maria Berg Hestad er opptatt av kvar maten kjem frå og korleis den blir dyrka.
Økologisk Møre og Romsdal, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Matfestivalen i Ålesund har tradisjon for å samarbeide om eit arrangement. I år var det kjøkkenhagebloggar og foredragshaldar Maria Berg Hestad som med engasjement, illustrative bilete og fargerike slides la fram sine meiningar om korleis matsystema er i krise, sett i eit globalt og lokalt perspektiv.
Mat er alt!
Berg Hestad meiner at folk flest bør vere bevisst sine matval og at regjeringa burde løyve ein større del av statsbudsjettet til å sikre Norge sin matproduksjon.
«Mat er livsnødvendig og vegen til god helse. Mat er alt! Og vi holder på å gi fra oss makten over den!» sa ei tydeleg engasjert Berg Hestad. Ho presenterte ei liste over grep kvar enkelt kan gjere i kvardagen for å motvirke den negative utviklinga ho peikar på, sjå bilete (10+1 grep du kan ta i dag for å motvirke).
Idet lunsjen vart servert - eit fargespektra måltid av ferske råvarer i sesong, tilberedt av kokkane på ærverdige Hotel Brosundet - gjekk foredraget over i ny fase. Maria Berg Hestad delte utdrag frå den nyaste boka si om korleis klare å dyrke mykje mat i pallekarm. Og kvifor det er bra for oss å dyrke (Sjå bilde «Kinderegg å dyrke egen mat»).
Deltakarane fekk eit fint møte med ei av Norges fremste kjøkkenhagebloggarar, og nye gode grunnar til å dyrke sin eigen mat og nokre verktøy til korleis gjere det.