Nytt system i 2023 for melding om mogleg produksjonsvikt

Landbruksdirektoratet har no etablert ei digital løysing, der føretak melder om skade og mogeleg produksjonssvikt via Altinn. Tidlegare har melding om produksjonssvik blitt gitt via e-post, telefon eller på anna måte.

Publisert 09.05.2023

Det er eit vilkår for å kunne motta tilskot ved produksjonssvikt at du har gjeve kommunen melding om mogeleg skade. Meldinga må ein sende så snart skaden har oppstått, slik at kommunen skal ha moglegheit til å kontrollere areala på eit tidspunkt der klimaskaden kan påvisast.

  • Dersom du har skade på fleire vekstgrupper må det leverast ei eiga melding for kvar av vekstgruppene.
  • Du vil motta kvittering for innsendt melding.
  • Meldinga er ikkje det same som ein søknad for ordninga.

 

Elektronisk MELDING OM SKADE skjer via Altinn.