Tilskot ved produksjonssvikt

Oppdatert 09.05.2023

Jordbruksføretak kan søkje om erstatning for å redusere økonomisk tap ved klimabetinga avlingsvikt i plante- og honningproduksjon. Søknadsfristen er 31. oktober.

Vi tilrår å søkje elektronisk via Altinn.

Ordninga gjeld berre avlingsskadar som skyldast av klimatiske forhold, og som det ikkje er råd å forsikre seg mot. Forhold som kan gi rett til tilskot er m.a. tørke, mykje nedbør, flom eller frost. Dette er verforhold som kan gje vanskelege vekst- og innhaustingsforhold.

Det sett ein eigenrisiko på 30%. Dette inneber at føretak som har meir enn 70% av normal avling ikkje får tilskot for produksjonssvikt. Dersom klimatiske forhold fører til svikt i kvalitet på avlinga, dekker ikkje ordninga dette.

Søknaden blir tatt imot av kommunen, som gjev ein uttale før den vert sendt til Statsforvaltaren for avsluttande behandling og utbetaling.


SØKJAR

Meld i frå om mogleg skade digitalt (NYTT FRÅ 2023)
For å kunne søkje om tilskot til produksjonssvikt må du melde frå så snart du fattar mistanke om produksjonssvikt. Dette gjeres digitalt via Altinn.
Kommunen skal ha høve til å kontrollere skadeårsaka. Du må kunne dokumentere årsaka til skade og forsøke å  avgrense tapet mest mogleg.

Det vert stilt krav om at avlinga blir hausta. Unntaksvis kan ein gje tilskot ved produksjonssvikt for uhausta areal. Dette er berre mogeleg når kommunen, etter kontroll på bruket, har godkjent manglande hausting og vurdert kor stor avling som står uhausta.

Vurdering av årsakene til skaden
Skade etter sjukdommar, skadedyr og ugras gir ikkje rett på tilskot. Når svikten skuldast ein kombinasjon av både klima og årsakar som ikkje gjev rett på tilskot, skal klimaprosenten justerast ned.

Meir informasjon og søknadsskjema for ordninga på Landbruksdirektoratet si heimeside.


KOMMUNEN

Det er store klimatiske variasjonar i fylket. For å kunne gje ei god handsaming av søknadene trenger vi informasjon frå kommunen. De har lokalkunnskap og moglegheit til å gje ei vurdering av omfanget.

Søknader om tilskot for vekstgruppene frukt, korn og grovfôr med husdyr skal denne sesongen behandlast i fagsystemet AGROS. Dei andre vekstgruppene skal fortsatt behandlast  i fagsystemet ELF.

Kontroll i vekstsesongen og av søknader
Ofte er det andre årsaker enn klima som har resultert i produksjonssvikt. Søkjar og kommunen må gjere ein systematisk gjennomgang av driftstekniske og naturgitte faktorar som påverkar avlingsmengda, til dømes driftsintensitet, jordkvalitet og høgde over havet samanlikna med snittet for kommunen. Ut i frå dette skal både søkjar og kommune fastsette kor stor prosentdel av produksjonssvikten som skuldast klima. Det er lurt å dokumentere skadene med bilete.

Oppmåling av grovfôr
Kommunen skal i alle sakene med «vekstgruppe grovfôr i føretak med husdyr» måle opp fôrlager saman med søkjar. Målinga bør skje så raskt som mogeleg etter at alt grovfôr er hausta ved slått eller beiting, eller ved innsett av dyra. Kontrolldato skal oppgis i søknadsskjemaet. Vi har laga eit eige kontrollskjema for denne vekstgruppa. Skjemaet skal leggast ved søknaden.

Avlingssvikt i salsproduksjonar
Avlinga i skadeåret vert fastsett på grunnlag av dokumenterte sals- og beholdingsoppgåver for føretaket.


Publisert 09.05.2023

Nytt system i 2023 for melding om mogleg produksjonsvikt

Landbruksdirektoratet har no etablert ei digital løysing, der føretak melder om skade og mogeleg produksjonssvikt via Altinn. Tidlegare har melding om produksjonssvik blitt gitt via e-post, telefon eller på anna måte.


Publisert 20.12.2022

Tilskot ved produksjonssvikt

Bønder i Møre og Romsdal får utbetalt 7.5 millionar i tilskot ved produksjonssvikt for vekstsesongen 2022.


Publisert 22.06.2020

Endringar i ordninga Erstatning for produksjonssvikt

På grunn av koronasituasjonen vart det bestemt i årets jordbruksavtale at ikkje berre klimabetinga avlingssvikt, men også produksjonssvikt på grunn av manglande arbeidskraft kunne dekkast over erstatningsordninga.


Publisert 17.12.2018

Status erstatning for avlingssvikt i 2018

Tørkesommaren i 2018 førte til avlingssvikt for mange. Fylkesmannen har fått inn over 250 søknader om erstatning for klimabetinga avlingssvikt.


Publisert 02.08.2018

Erstatning for avlingssvikt - kontakt kommunen tidleg

Fylkesmannen ventar at det blir mange søknader om erstatning for avlingssvikt i år. Tørkesommaren har gitt små avlingar, og ein del har fått så stor avlingssvikt at det er grunnlag for å søke erstatning.


Publisert 02.08.2018

Små avlingar i 2018

2018 vil bli huska som eit år med rekordvarme og rekordlite regn. Dessverre er det ikkje gunstig for avlingane våre. 


Publisert 07.06.2017

Overvintringsskade på eng? Dokumenter skaden og kontakt eventuelt kommunen!

Fleire kommunar har meldt frå om overvintringsskader på eng i år. Det er mest i indre og høgareliggande område vi har fått melding om skade, og skaden viser seg som uttynning i enga eller at enga flekkvis har gått heilt ut.