Ny tiltaksplan for Vestnorsk Fjordlandskap

Foto: Skjermdump av planen.

Aurland kommune og Stranda kommune har utarbeidd ny Tiltaksplan for verdsarvordninga i Vestnorsk Fjordlandskap.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.07.2022

Om Vestnorsk fjordlandskap

Vestnorsk fjordlandskap er eitt av åtte norske verdsarvområde og består av to delområde; Geirangerfjord i Møre og Romsdal og Nærøyfjord i Vestland. I begge desse områda spelar landbruket ein vesentleg rolle, og områda har betydelege verdiar knytt til kulturlandskapet.

Sidan 2008 har det blitt satt av midlar til Landbruket si verdsarvsatsing over jordbruksoppgjeret, der føremålet er å styrke landbruket i områda. Det kan innvilgast tilskot i samsvar med forskrift for ordninga, lokale retningsliner og tiltaksplanen.

Den nye tiltaksplanen

Den nye planen er ei revidert utgåve av tidlegare plan frå 2007 og gir ein oppdatert oversikt på tilstanden for kulturlandskapet i Vestnorsk Fjordlandskap. Videre kjem planen med råd og prioriteringar for å nå målsettinga om å oppretthalde og styrke landbruket i områda:

  • Skjøtte jordbrukslandskapet med slått og beiting
  • Nytte eldre tradisjonelle driftsmetodar og bruke moderne utstyr der dette let seg kombinere
  • Ta vare på biologisk mangfald og kulturminne
  • Oppretthalde eit småskala husdyrhald, som tek meir omsyn til miljøet
  • Legge til rette for opplevingar, og utvikle gode reiselivsprodukt
  • Tilby lokalt foredla matvarer og kortreist mat
  • Skape grunnlag for heilårsbusetnad
  • Ta vare på og formidle kunnskap om natur, kultur og driftsmåtar

Planen tek opp i seg signala frå ei brukarundersøking blant eit utval av verdsarvbønder og drøftar tiltak som utgreiingsselskapa Agri Analyse og Telemarksforsking har kome med forslag om i sine evalueringar av verdsarvordninga.

Arbeidet med planen har vore gjennomført i eit samarbeid mellom forvaltningskommunane Stranda og Aurland, statsforvaltarane i Vestland og Møre og Romsdal og sekretariatet til verdsarvrådet for Vestnorsk Fjordlandskap.

Meir informasjon

For meir informasjon om tiltaksplanen og landbrukets verdsarvsatsing, sjå lenker i høgre margen eller kontakt kommunen i det aktuelle området:

  • Geirangerfjorden: Stranda kommune
  • Nærøyfjorden: Aurland kommune