Kulturlandskapsprisen 2021 til Norddal og Herdalen

Heile bygda i Fjord kommune vinn prisen. Her frå Herdalssetra som har eit bygningsmiljø med over 30 gamle seterhus i klynge. Setra er ei av dei største fellessetrane for geit i Noreg.
Heile bygda i Fjord kommune vinn prisen. Her frå Herdalssetra som har eit bygningsmiljø med over 30 gamle seterhus i klynge. Setra er ei av dei største fellessetrane for geit i Noreg. Foto: Ragnhild Naug Aas.

Bygda Norddal (Dalsbygda) og Herdalen får kulturlandskapsprisen 2021. Bygda held det heilskaplege og tradisjonsrike kulturlandskapet frå fjord til fjell i hevd på ein eineståande måte.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.09.2021

– Eg gratulerer Norddal (Dalsbygda) og Herdalen så mykje med prisen, seier assisterande statsforvaltar Berit Brendskag Lied. Ho har sitte som leiar av juryen for prisen i år. 

Eit unikt samarbeid

Kulturlandsskapsprisen blir gitt til heile bygda. Her er det mange eldsjeler og mykje aktivitet knytt til skjøtsel og formidling av kulturlandskapet. 

– Fleire gardsbruk og næringsverksemder med allsidig aktivitet og landbruksdrift, skjøttar kulturlandskapet og skapar produkt med råvarer frå bygda og området rundt, seier Brendskag Lied.

Samarbeidet med reiselivet er godt utvikla i Norddal og Herdalen, og mange av er med i nettverket «The happy end», der dei tilbyr eigenprodusert mat, husflidsprodukt, overnatting eller aktivitetar med basis i lokal kultur og natur.

– Kulturlandskapet i Norddal (Dalsbygda) og Herdalen er eit resultat av at kvar og ein i lokalsamfunnet gjer sitt for å halde det i hevd, seier fylkesordførar og jurymedlem Tove-Lise Torve.

Foto: Ragnhild Naug Aas.

Godt bevart gjennom aktiv bruk

Juryen har lagt vekt på at busetnaden både nede i bygda, på fjellgardane og på setrene er godt teke vare på. Naustrekkja og kyrkja frå 1782 skapar ei vakker ramme om Norddal, og gjennom heile dalføret er det registrert ei rekkje bygningar med stor kulturhistorisk verdi.

– Gardsdrifta i dalen er allsidig  med både ku, geit, sau og hest  på beite i bygda og i utmarka. Herdalen er ein av dei mest særprega seterdalane i fylket, og på Herdalssetra er det her er framleis aktiv seterdrift og utnytting av utmarka på tradisjonelt vis. Den tradisjonelle og kontinuerlege skjøtselen gjer at området har ein stor artsrikdom, seier Brendskag Lied.

Ho legg til at Norddal (Dalsbygda) og Herdalen også er eit viktig reiselivs- og friluftslivmål, som innfallsport til fjellområda rundt.

Juryen meiner prisvinnaren innfrir alle dei kriteria som ligg til grunn for utdeling av kulturlandskapsprisen.

– Mangfaldet av verdiar og opplevingar som finst i området grunna aktiv bruk og skjøtsel av kulturlandskapet frå fjord til fjell, gjer Nordal og Herdalen til ein svært verdig vinnar av Kulturlandskapsprisen 2021.

Juryen for Kulturlandskapsprisen 2021 har bestått av assisterande statsforvaltar Berit Brendskag Lied (leiar), fylkesordførar Tove Lise Torve, fylkeskonservator Bjørn Ringstad og landbruksdirektør Frank Madsøy.

Utdelinga av prisen skjer 8. oktober, i Norddal (meir informasjon kjem).

Kontaktpersoner

Kulturlandskapsprisen

Prisen består av ein sjekk på kr 10 000, eit kunstverk og ein diplom. Prisen har vore delt ut av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sidan 2001, med unntak av 2018.

Prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde-Noreg.

Finn alle priskriteria og meir informasjon her ...

Her ligg og oversikt over tidlegare vinnarar ...