Kulturlandskapsprisen 2020 - Austigard, Hoem

Kristian Austigard og brorsonen Stein Kåre Austigard får Kulturlandskapsprisen 2020, for å halde i hevd kulturlandskapet på Hoem i Eikesdalen på ein framifrå måte.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.09.2020

– Eg vil gratulere Kristian og Stein Kåre Austigard så mykje med prisen! Eit ope og levande kulturlandskap er eit resultat av generasjonars  aktive pleie av jord og landskap, seier fylkesmann og juryleiar Rigmor Brøste.

Framifrå arbeid

Juryen grunngir tildelinga med at kulturlandskapet på Hoem er halde i hevd gjennom nennsam slått, skogrydding, beiting og styving av almetre.

– Videre er alle bygningane på garden halde ved like på en framifrå måte. Det same gjeld steingardar, rydningsrøyser, vegfar og stiar, meiner juryen.

Sidan 1950-talet har hovudhuset på garden – «Hoemsbu» -  vore leigd ut til Den norske Turistforeininga (DNT).

– Samarbeidet med DNT gjer at området blir mykje brukt av turfolk og til ulike arrangement. Dette gjer at mange får nyte godt av arbeidet som er – og blir – lagt ned på garden, og får kunnskap og innsikt i gamle driftsformer og tradisjonar, skriv juryen i si grunngjeving.

Juryen meiner prisvinnarane innfrir mange av dei kriteria som ligg til grunn for utdeling av kulturlandskapsprisen, og  trekk særleg fram dei store oppleving- og formidlingsverdiane på Hoem.

Veglaus og verdifull

Garden Hoem ligg på vestsida av Eikesdalsvatnet og er veglaus. Den ligg innanfor eit område som er registrert som nasjonalt verdifullt kulturlandskap.

– Alle gardshusa er frå slutten av 1800-talet og har høg verneverdi. Omkring garden er det opne kulturmarker, som slåttemark og naturbeitemark. Begge desse er registrert som trua naturtypar. Markene blir haldt i hevd gjennom slått og husdyrbeite. Den tradisjonelle og kontinuerlege skjøtselen gjer at området har ein stor artsrikdom, fortel Brøste.

Hoem og omkringliggjande markene er eit rikt og heilskapleg kulturlandskap med ein lang historie og store natur- og kulturverdiar.

– Kristian Austigard fekk overdradd garden då han berre var 9 år gamal. Han har lagt ned mykje arbeid i å skjøtte kulturlandskapet på Hoem. I 2018 overlèt han Hoem til Stein Kåre som skjøttar kulturlandskapet- og verdiane her i same ånd som onkelen sin, seier juryleiar Brøste.

I tillegg til fylkesmann Rigmor Brøste (leiar), har juryen i 2020 bestått av fylkesordførar Tove Lise Torve, fylkeskonservator Bjørn Ringstad og landbruksdirektør Frank Madsøy.

Utdelinga skjer på garden Hoem, 4. september.