Kulturlandskapsprisen – ein honnør

Frå venstre: Fylkesordførar Tove-Lise Torve, Gudmund Kårvatn, Cathrine Kårvatn, statsforvaltar Else-May Norderhus, ordførar i Surnadal Margrethe Svinvik og fylkeskonservator Bjørn Ringstad.
Frå venstre: Fylkesordførar Tove-Lise Torve, Gudmund Kårvatn, Cathrine Kårvatn, statsforvaltar Else-May Norderhus, ordførar i Surnadal Margrethe Svinvik og fylkeskonservator Bjørn Ringstad. Foto: Lars Levende Jacobsen.

– Det betyr utruleg mykje for oss å få denne prisen, seier Gudmund Kårvatn. Saman med kona Cathrine fekk han Kulturlandskapsprisen i dag. ­

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.09.2022

– Prisen er ein stor honnør. Honnøren er både til oss, og ikkje minst til bygde-Norge. Ein slik pris motiverer og syner at det vi gjer blir lagt merke til og satt pris på, seier Gudmund.

Les om kvifor Kårvatn vann prisen her …

Ikkje skapt over natta

I strålande sol ønska Gudmund og Cathrine Kårvatn presse, statsforvaltar, ordførar og fylkesordførar velkommen til garden i dag.

– Det er jo ikkje berre kva vi har gjort som får ære her. Men også kva generasjonane før oss har gjort. For ein gard som dette vert ikkje skapt over natta. Han er jobba fram over fleire hundre år, påpekar prisvinnaren.

Ser moglegheiter

Nyskaping er også ein del av Kulturlandskapsprisen.

– Det er eit fint aspekt å ha med. For forandring må til. Ikkje minst er det viktig å sjå nye moglegheiter – ikkje tru at det ein har ikkje er noko verd.

Ein oase i fjellet

– Kva er det i dine augne som gjer at Kårvatn utmerkar seg som Kulturlandskap?

– Garden ligg som ein oase midt i fjellandskapet. Akkurat her går ein frå ein trong v-dal, og så opnar det seg opp til ein U-dal. Dei som kjem hit ser at garden er i drift. Her er dyr som held det heile ved like. Og så har vi dei gamle trehusa på garden – og fjella og fossen.

Turisme, dyr og sportsbutikk

Statsforvaltar Else-May Norderhus gav i sin tale ros til Gudmund og Cathrine for måten dei driv garden på – både med turisme, dyr og sportsbutikk.

Sjå samtale mellom statsforvaltar og Gudmund og Cathrine Kårvatn her …

– Den allsidige aktiviteten på Kårvatn syner at de vil ta vare på verdiane som er her, bruke dei ressursane de har rundt dykk, sjå framover og vidareutvikle garden. Dykkar arbeid gjer at opplevingar, ny kunnskap og gamle tradisjonar også kjem besøkande og kommande generasjonar til gode, sa statsforvaltaren.

Ho avslutta med at ho er stolt over å kunne dele ut Kulturlandskapsprisen til Gudmund og Cathrine Kårvatn.

– Den er vel fortent! 

Les heile talen til statsforvaltar Else-May Norderhus her …

Else-May Norderhus på Kårvatn