Kulturlandskapet - til lyst og nytte

Frå Herdalssetra. Bygda Norddal (Dalsbygda) og Herdalen fekk Kulturlandskapsprisen 2021. 
Portrett av forfattarane, Aud L. Drågen og Frank Madsøy (Foto: Anita Grønland).
Frå Herdalssetra. Bygda Norddal (Dalsbygda) og Herdalen fekk Kulturlandskapsprisen 2021. Portrett av forfattarane, Aud L. Drågen og Frank Madsøy (Foto: Anita Grønland). Foto: Ragnhild Naug Aas / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Den siste tida har interesse for å dyrke eigen mat gitt kulturlandskapa våre ein ny verdi. Jorda kan nyttast meir intensivt når behovet melder seg – i alle fall om ho har vore godt skjøtta. I eit større perspektiv er det god matberedskap å halde jordbruksareala i hevd.

Publisert 28.04.2022

Av rådgivar Aud Lindset Drågen og direktør Frank Madsøy – Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Kulturlandskap i kvardagen

Dei siste to åra har vi vore gjennom restriksjonar på å samle mange menneske. Då har styresmaktene anbefalt oss å nytte eigen natur og nærmiljø. Kome oss ut i det fri, oppleve naturen, kulturlandskapa og ha fellesskap ute – med god avstand. Kulturlandskapa i bygdene våre har gjeve oss stor glede og nytte i denne tida. Nokon av oss gjekk ut kvar dag, mange tok til å spa opp jord og dyrke mat der det hadde vekse gras og villblomar i mange år. Andre laga seg stader med bålpanne og fekk nyte trygt fellesskap i ei tid der vi måtte halde stor avstand grunna smittefare. Kulturlandskap og natur gav fellesskap og glede.

Det er sagt at det er i usikre tider at vi har behov for kunsten. Kulturlandskapa i fylket vårt er som levande kunst på sitt aller beste. Vår eigen kunstnar Lars Christian Istad har skildra desse kulturlandskapa i ulike kunstverk. Desse verka hjelper oss å hugse – og kanskje til og med føle – kulturlandskapshistoria vår.

Å ha mat nok til oss sjølv

Det norske kulturlandskapet er forma gjennom mange hundre år.  Folk slo seg ned der naturen var slik at det gjekk an å slå seg til ro og hauste. Vi vart bufaste. Vi fangsta og jakta. Vi beita og vi tok til å dyrke jorda. Alt dette med tanke på å produsere det som trengs i dagleglivet.

Vi braut jord og sådde kornet. «Gudslånet» vart såkorna kalla. So høgt skatta var dei.

Vi måtte ha sikkerheit for eiga matforsyning. Krigar og uår har i mange høve lært oss at dette ikkje er sjølvsagt.

Historia om sjølvberging og matsikkerheit kan vi lese ut av dei opne, og dei noko gjengrodde landskapa våre. Kulturlandskapet er med på å fortelje historia til folk og bygder, om korleis livet var her i tidlegare tider og korleis folk har tilpassa seg og brukt landskapet dei levde i.

Frå sommarfjøs til stordrift

Dyra beita i utmarka og i delar av innmarka. Steingardane og grensegjerda laga markerte skilje mellom  markene og mellom grannar.  Setrane på fjellet og sommarfjøsa i utmarka låg som oasar i landskapet. Her var det liv og produksjon om somrane.

Folketalet auka og behovet for mat likeså. Vi fekk fleire maskinar som auka storleiken på jordstykka og teikna om landskapet.

Samvirke, samarbeid, mottaksplikt og etter kvart marknadsregulering fekk fokus. Produksjonseiningane voks, maskinane og driftsbygningane vart større og meir effektive. Jordrasjonaliseringa held fram. Etter kvart kom enno større maskinar, bruka vart større og færre. Produksjonen vart oppretthalden sjølv om driftsformene endra seg og vi fekk færre gardbrukarar.

Ei historie å leve i

Alt dette er kjent for dei som har levd ei stund. Det er overlevert og lært historie, og alt dette kan du lese i kulturlandskapet.

So er det då slik at mennesket ikkje lever av brød åleine. Vi treng kulturen og landskapet. Derfor vil vi fortsette å pleie kulturlandskapet som ein del av vår identitet og historie.  Landbrukets kulturlandskap viser korleis aktiviteten i jordbruk frå tidlegare tider og fram til i dag formar landskapet. Dette dreier seg om alt frå fruktblomstringa i Hardanger, kornåkrar på Hedmarken og grøne bakkar med dyr på beite i Møre og Romsdal. Aktivt landbruk gir oss mat på bordet, eit landskap som gir oss «bolyst» og eit land som turistane ynskjer å oppleve.

Nominer ein kandidat til kulturlandskapsprisen 2022

For å stimulere til å halde dette vakre landskapet vårt i hevd deler Statsforvaltaren ut ein pris kvart år. Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal.

Prisen skal vere ei påskjøning for dei som gjer ein særleg innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. Prisen kan bli gitt til aktive gardbrukarar, grunneigarlag, bygdelag og ulike typar fellestiltak.

Send inn ditt forslag til kandidat som du meiner er verdig vinnar av prisen. Prisen består av eit kronebeløp og eit kunstverk. Kunstverket er laga av Lars Christian Istad og skildrar nettopp kulturlandskapet. 

Gå inn her: statsforvaltaren.no/klprisen2022, så finn du meir informasjon om prisen. Frist for å levere forslag til nominasjon er 1. mai 2022.