Foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2022

Geiter på beite i Herdalen. Bygda Norddal  (Dalsbygda) og Herdalen fekk kulturlandskapsprisen for 2021.
Geiter på beite i Herdalen. Bygda Norddal (Dalsbygda) og Herdalen fekk kulturlandskapsprisen for 2021. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romdal.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer alle til å kome med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen 2022 innan 1. mai. Frem forslaget via eit elektronisk forslagsskjema eller ved å sende inn forslaget per e-post. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.03.2022

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris for å sette fokus på den viktige rollen landbruket har som forvaltar av kulturlandskapet, og på dei nærings- og samfunnsmessige verdiane som kulturlandskapet representerer.

Kven kan ta i mot prisen?

Prisen skal vere ei påskjøning for dei som gjer ein særleg innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. Prisen kan gjevast til aktive gardbrukarar, grunneigarlag, bygdelag og ulike typar fellestiltak mfl.

Kandidatane til kulturlandskapsprisen skal mellom anna vurderast etter desse kriteria:

  • At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i kulturlandskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon.
  • At drifta medverkar til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer.
  • At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og lokale tradisjonar har skapt ny næring på garden.
  • At det vert teke omsyn til kulturminne, byggeskikk og miljøverdiar som til dømes biologisk mangfald i drifta.
  • At drifta tek omsyn til ulike miljøutfordringar på bruket og i nærområdet.

Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylte på ein gong, men prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde- Norge.

Korleis fremme forslag på kandidatar?

Alle kan fremme forslag på kandidatar. Vi oppfordrar spesielt kommunar, landbruksrådgivinga og faglaga til å komme med forslag på minst ein kandidat. Fleire kan gjerne gå samen om eit forslag. Kandidatar som er foreslått tidlegare kan bli renominert på bakgrunn av tidlegare innsendt informasjon. 

Forslaget kan fremjast ved å fylle ut eit Elektronisk forslagsskjema 

Eller så kan du sende inn forslaget per e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no. Merk da e-posten med kulturlandskapsprisen 2022 og kandidatens namn. 

Vi veit at det finst mange gode kandidatar i fylket. Hjelp oss å heidre nokon av desse.

Frist til å komme med forslag på kandidatar er 1.mai 

Praktiske opplysningar om prisen

  • Prisen består av ein premie på kr 10 000, eit kunstverk, ein plakett og eit diplom.
  • Prisen har vorte delt ut sidan 2001, med unntak av 2018.
  • Dei siste åra har prisen blitt delt ut heime hjå prisvinnaren.