Velfortent heider til Storfjordens Venner

Storfjordens Venner nådde eit høgdepunkt, då dei i år vart tildelt Europa Nostra-prisen / EUs kulturminnepris under eitt høgtideleg arrangement i Madrid 24. mai 2016. Foreininga fekk prisen i klassa «Dedicated services» - «Spesielle tenester» - (rekna som den gjævaste!). Organisasjonen har motteke både den nasjonale og lokale kulturlandskapsprisen, samt fleire andre prisar opp gjennom åra.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.09.2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er glad for eit langt og godt samarbeid med Storfjordens Venner. Dette strekkjer seg nesten attende til då foreininga vart skipa i 1975,  fyrst gjennom Fylkeslandbrukskontoret, og så etter at Fylkeslandbrukskontoret vart ein del av fylkesmannembeta.

Fyrste tida fekk Storfjordens venner løyvd tilskot til fleire prosjekt, men det er ein del år sidan. Når ein ser kva foreininga har oppnådd, har det vore naturleg for oss å lyfte fram organisasjonen gjennom tildeling av den lokale kulturlandsklapsprisen, og sidan innstille dei til den nasjonale (i 2014), og støtte opp under forslaget om den europeiske, som dei fekk i år.

Fotografi tatt i samband med restaureringa av stovehuset på Skageflå. Foto: Storfjordens Venner

Blant oppgåvene til Fylkesmannen er også å bidra til å ta vare på natur og kultur. I så måte gjer Storfjordens Venner eit viktig arbeid, som er med å synleggjere kulturarven på ein framifrå måte. Ved å ta vare på kulturlandskap og historiske bygningar i kulturlandskapet, viser dei fram ei historie, som kanskje ikkje er så fjern i tid, men som er fjern når det gjeld busetnad, levemåte og driftsmåte.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug delte ut Den nasjonale kulturlandskapsprisen på Ytste Skotet i 2014. Foto: Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet

Dermed har det vore kjekt også for Fylkesmannen i Møre og Romsdal når foreininga har fått desse prisane, som kvar for seg er solide klapp på skuldra for vel utført arbeid. Dei er dessutan kvar for seg gode høve for Storfjordens Venner til å vise fram både organisasjonen og arbeidet; men også ei fjør i hatten til alle som arbeider med å ta vare på «fjorda-kulturen».

Såleis var det naturleg å vere til stades under prisutdelinga i Madrid med fylkesmann Lodve Solholm og rådgjevar for kulturlandskapssaker Byrge Fitje.

Storfjordens Venner vart skipa i Geiranger i 1975, og har i dag rundt 1000 medlemer. Foreininga kan sjå attende på ein formidabel innsats gjennom åra som har gått. Ved jubileet i 2015 vart det gjort ei oppsummering, og den viste at det er gjennomført i alt 120 større og mindre prosjekt med ein samla prislapp på godt over 20 millionar ikkje inflasjonsjusterte kroner, og i tillegg ein dugnadsinnsats verd om lag like mykje. Sidan har fleire prosjekt kome til. Prosjekta spenner frå heile gardsbygningar til vegar, kaier, bruer og andre tiltak i kulturlandskapet.

Arbeidet er hovudsakleg finansiert gjennom midlar frå fylkeskommunen, Kulturminnefondet, Norsk kulturarv, Kulturfondet, private støttespelarar, gåver og midlar foreininga elles har skaffa seg.

Foreininga eig og driv garden Ytste Skotet i Stordal kommune, der dei har restaurert i alt 19 bygningar med stort og smått. Garden vert no «lånt» ut til Sunnmøre Museum, som driv det som ei museumsavdeling. Foreininga arrangerer i tillegg årlege «Storfjordstemne» rundt på gardar i Storfjordområdet, og det vert kvart år gjeve ut ein kalender med historiske bilde og opplysningar. Både ved 20- og 40-årsjubileet vart det gjeve ut jubileumsbøker. Desse gjev eit omfattande oversyn over foreininga sitt virke.

Storfjordens Venner er ein organisasjon som nyt stor respekt og tillit i det offentlege, så vel som næringsliv og blant privatpersonar. Det skuldast ikkje minst den høge kvaliteten i restaureringsarbeida, som foreininga alltid har stått for. Hos Fylkesmannen er vi glad og stolt av samarbeidet.

Tildelinga av den europeiske kulturminneprisen skal elles også markerast lokalt med eit arrangement i Geiranger laurdag 10. september.

Kontaktperson. Landbruksdirektør Frank Madsøy, 71258403, fmmrfrma@fylkesmannen.no

Den verdskjende spanske tenoren Palcido Domingo er styreleiar for Europa Nostra og var ein sentral person under prisutdelinga i Madrid. Foto: Storfjordens Venner

Frå prisutdelinga i Madrid. Leiar i Storfjordens Venner, Kjell Løseth i midten. Foto: Storfjordens Venner

Nestleiar i Storfjordens Venner, Bjørn Steinar Skarbø presenterte organisasjonen under utdelinga av Europa Nostra–prisen / EUs kulturminnepris i Madrid. Foto: Storfjordens Venner

Vernearbeid på Me-Åkerneset i foreininga sine tidlege år, då det galdt å stanse forfallet. Foto: Storfjordens Venner

Seinare restaureringsarbeid på Me-Åkerneset. Foto: Storfjordens Venner