Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal

Logo for kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal. Logoen består av ein spade, ein hest med plog og ein traktor, tre element som speglar utviklinga i jordbruket.
Logo for kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal. Logoen består av ein spade, ein hest med plog og ein traktor, tre element som speglar utviklinga i jordbruket. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Oppdatert 14.03.2024

Kvart år deler Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ut Kulturlandskapsprisen. Prisen går til den eller dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet.

Prisen skal:

  • Løfte fram landbruket som forvaltar av kulturlandskapet
  • Skape merksemd og auke kunnskapen om verdiane i kulturlandskapet
  • Stimulere til å ta vare på kulturlandskapet gjennom gode eksempel

Prisen blir fortrinnsvis gitt til aktive gardbrukarar, men kan også gis til grunneigarlag, beitelag, bygdelag eller andre typar tiltak.

Prisen skal vere ei påskjøning for dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet, med fokus på biologisk mangfald, bygningsvern, formidling, tilrettelegging og tradisjonar knytt til kulturlandskapet.

Kandidatane til kulturlandskapsprisen vil bli vurdert etter desse kriteria:

  • At dei har gjort ein særskild innsats for kulturlandskapet gjennom skjøtsel og drift
  • At drifta brukar kulturlandskapet som ressurs for verksemd/produksjon, utvikling eller ny næring på garden
  • At drifta tek omsyn til landskap, kulturminne, kulturmiljø og biologisk mangfald
  • At drifta har produksjon som tek omsyn til miljøet på bruket og i nærområdet
  • At dei gir andre tilgang til å oppleve kvalitetar i kulturlandskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon
  • At drifta medverkar til eit positivt fokus på dei verdiane som landbruket representerer

Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylte, men prisvinnaren må utmerke seg på ein eller fleire av kriteria og vere ein god ambassadør for landbruket. Les om tidlegare vinnarar her

Om prisen

Prisen er delt ut sidan 2001, med unntak av 2018.  Vinnaren får eit kunstverk av biletkunstnar Lars Christian Istad, kr. 10 000 ,ein diplom og ein plakett. Prisen vert delt ut på eit arrangement heime hjå prisvinnar.

Korleis fremme forslag på kandidatar?

Alle kan fremme forslag på kandidatar. Frist til å komme med forslag på kandidatar for 2024 er 1.mai. Forslaget kan fremjast ved å fylle ut eit elektronisk forslagsskjema, som vil legges ut på denne sida i god tid før forslagsfristen. Eller så kan du ta kontakt per e-post eller telefon. 

 


Publisert 02.09.2016

Kulturlandskapsprisen 2016 til Stein Brubæk

Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal går i 2016 til Stein Brubæk frå Angvika i Gjemnes kommune. Brubæk er ein fagleg dyktig, interessert, engasjert og svært aktiv prisvinnar.


Publisert 01.09.2016

Velfortent heider til Storfjordens Venner

Storfjordens Venner nådde eit høgdepunkt, då dei i år vart tildelt Europa Nostra-prisen / EUs kulturminnepris under eitt høgtideleg arrangement i Madrid 24. mai 2016. Foreininga fekk prisen i klassa «Dedicated services» - «Spesielle tenester» - (rekna som den gjævaste!). Organisasjonen har motteke både den nasjonale og lokale kulturlandskapsprisen, samt fleire andre prisar opp gjennom åra.


Publisert 01.06.2016

Høgaste kulturminnepris i Europa tildelt Storfjordens venner

I starten av april 2016 kom meldinga om at Storfjordens venner hadde fått tildelt den gjevaste kulturminneprisen i Europa. I slutten av mai var det prisutdeling.


Publisert 07.04.2016

Europeisk kulturminnepris til Storfjordens Venner

Storfjordens Venner er tildelt EU sin kulturminnepris/EU Nostra Pris 2016. Dette er den mest prestisjetunge prisen innan kulturminnearbeid i Europa. Foreninga får prisen i kategorien "Spesiell innsats".


Publisert 04.09.2015

Kulturlandskapsprisen 2015 til Iris og Arnfinn Westerås, Geiranger

I dei bratte liene ovafor sentrum av Geiranger vert det lagt ned eit pietetsfullt og nitidig arbeid med stell av kulturlandskapet. Kunnskap om kulturlandskapet vert også formidla vidt ut over. For alt dette får Iris og Arnfinn Westerås kulturlandskapsprisen for 2015.


Publisert 05.09.2014

Kulturlandskapsprisen 2014 til unge bønder i Sunndal

Kulturlandskapsprisen 2014 gjekk til Anne Grete Aklestad Røymo og Roy Andersen på Røymo øvst i Sunndalen. Anne Grete overtok garden i 2003, Ho driv den saman med ektemannen Roy og barna Eirin og Ingvild. Garden ligg om lag 700 m over havet på Røymo øvst og innerst i Sunndalen, ved inngangen til Grøvudalen.