Kartlegg beiteressursar i verdsarvområdet Geiranger

Eit bilete som viser fagpersonane ved NIBIO diskuterer avgrensinga av kartleggingsområdet med representantar for grunneigarane. F.v. Bjørn Helge Rønneberg, Kristian Indreeide, Arvid Berge (jordbrukssjef Fjord), Michael Angeloff (NIBIO), Ingvild Hansen Nystad (verneområdeforvaltar), Yngve Rekdal (NIBIO), Jon Kåre Løvoll og Jostein Sande
Fagpersonane ved NIBIO diskuterer avgrensinga av kartleggingsområdet med representantar for grunneigarane. F.v. Bjørn Helge Rønneberg, Kristian Indreeide, Arvid Berge (jordbrukssjef Fjord), Michael Angeloff (NIBIO), Ingvild Hansen Nystad (verneområdeforvaltar), Yngve Rekdal (NIBIO), Jon Kåre Løvoll og Jostein Sande. Foto: Inge Bjørdal, Stranda kommune.

Stranda kommune har sett i gang ei kartlegging av beiteressursane som dekkjer verdsarv- og landskapsvernområda i både Fjord og Stranda. Kartlegginga vil gje ei fagleg vurdering av beiteressursane i dei viktigaste beiteområda i kommunane.

Publisert 06.10.2023

Utmarksressursane er ein viktig del av ressursgrunnlaget for mange bruk. Ved å kartlegge vegetasjonen i eit område får vi eit basiskart som gir eit godt grunnlag for å vurdere beitebruken og beiteverdien for husdyra. Dokumentasjon av beiteressursane er også viktig for nærings- og arealplanlegginga i kommunane. I område der det er kryssande brukarinteresser og kamp om areala, som til dømes ved hyttebygging, vil oversikt over beiteressursane vere nyttig for landbruks- og beiteinteressene.

NIBIO er ansvarleg for kartlegginga

Stranda kommune samarbeider med Norddal/Eidsdal Beitelag og Fjord kommune om prosjektet. Det er NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) som utfører beitekartlegginga. NIBIO skal utarbeide eit digitalt vegetasjonskart. Dette kan nyttast til å utarbeide tematisk beiteressurskart for husdyr, mellom anna for sau og storfe. Rapporten vil gje nærare omtale av vegetasjon og beiteforhold i kartleggingsområda. Det vert gjeve ei vurdering av beitekapasitet for området, og ei vurdering av dagens beitebruk.

Grunneigarane i Norddal/Eidsdal Beitelag har gjeve innspel til kva areal som er viktigast å få kartlagt. I Fjord kommune er Herdalsområdet sentralt. I Geiranger er Gråsteindalen/Hesjedalen eit område med svært gode beiteressursar som tidlegare har vore mykje nytta som beiteområde. I dag er jerven ei så stor utfordring at desse ressursane ikkje lenger kan nyttast til beiting.

Finansiering av prosjektet

Norddal/Eidsdal Beitelag har fått støtte til kartlegginga frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjennom ordninga «Tiltak i beiteområde». NIBIO står for resterande finansiering. Verken grunneigarane eller kommunane må bidra økonomisk.

Møre og Romsdal har svært små areal som er kartlagde på denne måten. Næringssjef Inge Bjørdal i Stranda, som har ansvar for verdsarven i begge kommunane, ser på dette prosjektet som eit viktig grep for å synleggjere arealressursane for beiting. Beiting er kanskje det viktigaste tiltaket vi har for å halde kulturlandskapet i utmarka innafor verdsarvområdet i god stand.

Eit påbyggingsprosjekt vert planlagt for 2024, sidan ikkje alle dei viktigaste beiteområda kom med innafor rammene for 2023.

Du kan lese meir om beitekartlegging ved å trykke på denne lenka

 

Kontaktpersoner