Husdyr er fundamentet i matproduksjonen

Sauesanking på Trandal.
Sauesanking på Trandal. Foto: Marianne Aas Halse.

Husdyrdrifta ein viktig bærebjelke for matproduksjon, kulturlandskap og levande lokalsamfunn i Møre og Romsdal. 

Publisert 27.03.2026

Husdyr er heilt avgjerande for landbruket i Møre og Romsdal. Fylket har natur som eignar seg svært godt til grovfôr og beite, og 97 prosent av all dyrka jord blir brukt nettopp til dette.  

Landbrukskonferanse om temaet 

I starten av mars arrangerte Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag og Statsforvaltaren landbrukskonferansen «Husdyr – fundamentet i norsk matproduksjon» i Molde. Med over 180 deltakarar var det tydeleg at husdyrnæringa engasjerer breitt. 

Utmarka – store ressursar og uforløyst potensial 

Yngve Rekdal frå NIBIO løfta fram nøkkelrolla til utmarksbeite på konferansen. I Møre og Romsdal er 44 prosent av fylket, 6,4 millionar dekar, nyttbart beite. Areala kan gi om lag 43 millionar fôreiningar, der 13 av desse står uhausta. Det unytta potensialet er rekna  til å ha ein verdi på 65 millionar kroner. Dette viser eit potensiale for å auke husdyrtalet i utmarka i Møre og Romsdal med om lag 68 prosent, utan risiko for overbeiting. 

Lammetap og gjengroing 

Tap av lam på utmarksbeite er ei av dei største utfordringane for å halde oppe tradisjonelle driftsformer. I 2025 var lammetapet i utmark 9,5 prosent, og året før 9,9 prosent (tal frå Organisert beitebruk). Jerv og gaupe står for ein stor del av tapa. Situasjonen er krevjande både for enkeltbruk og for driftsforma som heilskap. 

Når færre dyr nyttar utmarka, aukar også gjengroinga. Det svekkjer beitekvalitet, biologisk mangfald og friluftsopplevingar. Behovet for jordvern gjeld difor ikkje berre den dyrka marka, men også dei mest verdifulle utmarksareala. 

Beredskap, protein og sjølvforsyning 

Husdyrhaldet i Møre og Romsdal spelar også ei viktig rolle i den nasjonale matberedskapen. Vi produserer nok kjøt og mjølk til sjølvforsyning for eiga befolkning, mens korn og grønt i mindre grad kan dyrkast her. 

I internasjonal samanheng er protein ofte mangelvare. Våre grasetande husdyr kan nytte areal som ikkje kan brukast til matvekstar direkte, og gjere dei til næringsrike produkt. Grasetande husdyr produserer mjølk og kjøt som er viktige proteinkjelder. 

Framtida ligg i god forvaltning av ressursane 

Husdyr er ikkje berre ein del av næringsgrunnlaget i Møre og Romsdal, men ein grunnstein for berekraft, matsikkerheit, kulturlandskap og levande lokalsamfunn. Fylket har store naturressursar i form av beite og utmark, og korleis desse blir forvalta framover vil påverke både landbruket, naturmangfaldet og beredskapen i regionen. 

Kontaktpersonar