Hugs bandtvangen i sommar

Bilete av ein hund på fjellet Puttegga (1999 m.o.h) i kommunene Fjord og Rauma.
Foto: Ragnhild Naug Aas.

Vi er ein nasjon av naturglade menneske, som ferdast mykje i naturen, frå fjøre til fjell. I tidsrommet 1. april til 20. august er det generell bandtvang, og fleire plassar har kommunen utvida perioden gjennom lokale føresegner.

Publisert 14.07.2023

Tida med bandtvang er ekstra sårbar for ville dyr og fuglar og for beitande husdyr. Fuglar hekkar, ville dyr har nyfødde avkom, og sauer og geiter har små lam og kje. Alle er ekstra sårbare denne tida. Reir kan bli øydelagde, ungar kan komme bort frå foreldra, husdyr kan bli skremde og endog angripne av hundar utan band.

Det er viktig at vi ferdast med respekt - også med hund. Set deg inn i reglane der du ferdast, og hald hunden i band.

God tur!