Frå båsfjøs til lausdriftsfjøs? No kan du få hjelp til å finne gunstige fjøsløysingar!

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Landbruk Nordvest og TINE tilbyr i eit nytt prosjekt rådgjeving til mjølkeprodusentar som ynskjer omstilling grunna nye krav til driftsbygningar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.01.2022

Bønder som deltek i prosjektet får dekt 50 prosent av kostnaden til rådgjeving, med inntil 10 000 kroner. Prosjektet er finansiert av Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Kumjølkproduksjonen er bærebjelken i landbruket i Møre og Romsdal, sett ut frå verdiskapinga.

– Dei nye forskriftskrava frå 2024 vert ei utfordring for storfenæringa. Gjennom dette prosjektet  (lenke) er håpet at flest mogeleg produsentar vert med vidare, seier Brit Kari Eidseflot Hauger, assisterande direktør hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Nye forskriftskrav

Frå 2024 stiller «Forskrift om hold av storfe» krav om at produsentar med båsfjøs skal ha dyra på beite i minst 16 veker. I dag er kravet åtte veker. Det vert også krav om kalvingsbinge.

– Innan 2034 må alle storfe vere oppstalla i lausdriftsfjøs. Dei nye forskriftskrava vil få konsekvensar for svært mange produsentar, seier Eidseflot Hauger.

I Møre og Romsdal er den gjennomsnittlege mjølkebuskapen på 29,9 kyr. Halvparten av buskapane har 23 kyr eller færre. Mange er altså mindre produsentar.

– For ein del produsentar kan det vere utfordrande å finne enkle og gode tilpassingar til dei nye krava. Gjennom støtte til rådgjeving, har du no sjansen til å få fleksibel og tverrfagleg rådgjeving, til hjelp for å få fram mogelegheitene på bruket ditt, seier Eidseflot Hauger.

Val av løysingar

Ho meiner at næringa må vere kreativ og tenke nytt for å få lønsame løysingar.

– Det kan bety enklare bygg, kutt i areal som ikkje gjev inntening, trinnvis utbygging, enklare mekanisering og endra driftsopplegg. Val av løysingar må baserast på ein prosess der du kartlegg føresetnadane til deg og bruket ditt før du går i gang med planlegginga. Denne prosessen kan du no få god hjelp til gjennom dette prosjektet, seier Eidseflot Hauger.

Viktig at flest mogleg blir med vidare

Dei overordna landbrukspolitiske målsetjingane er matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk.

Møre og Romsdal er eit grasfylke, der 96 prosent av jordbruksarealet vert nytta til grovfôrproduksjon.

– Viss for mange av dei mindre buskapane fell frå, får det store konsekvensar for verdiskapinga, fagmiljøet, kulturlandskapet, trivsel og busetnad i bygdene. Difor er matproduksjon basert på grasressursane så viktig for vårt fylke – og vi treng flest mogeleg produsentar med vidare, seier Eidseflot Hauger.