Dømt for bedrageri

To personar er dømt for bedrageri etter at Fylkesmannen avdekka juks i samband med tilskot til husdyrhald.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.11.2020

Dei to er i tingretten dømte for henholdsvis grovt bedrageri og grovt uaktsomt bedrageri. 

Søkte gjennom ein annan

– Eit føretak som ikkje oppfylte vilkåra for husdyrtilskot fekk ein annan person i ei anna kommune til å søke om husdyrtilskot. Personen søkte då om dette gjennom sitt eige føretak, fortel Per Eldar Nakken hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

I to omgangar (januar + august i 2016) vart søknadane godkjent og utbetalt. Så gjennomførte kommunen risikobasert kontroll, og fann ut at alt ikkje var som det skulle. Fylkesmannen vart kontakta og avdekka jukset.

Føretaket som disponerte dyra hadde tidlegare fått avslag på sine søknader. Dei klaga til Landbruksdirektoratet, men fekk ikkje medhald. 

Einstemmig dom

– Å bruke ein stråmann for å omgå forvaltninga sin kontroll av søknad frå eige føretak har no resultert i einstemmig dom frå tingretten for begge dei involverte personane, fortel Nakken.

Fylkesmannen er godt nøgd både med at påtalemyndigheita har følgd opp saka, og at tingretten har kome fram til ein dom som er fullt i samsvar med fylkesmannens syn.