Husk bandtvang

Vi er ein nasjon av naturglade menneske, som ferdast mykje i naturen, frå fjøre til fjell. I tidsrommet 1. april til 20. august er det generell bandtvang, og fleire plassar har kommunen utvida perioden gjennom lokale føresegner.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.06.2018

I fleire år på rad har Norsk Sau og Geit hatt ein kampanje, for å fremje god dyrevelferd for alle.

Tida med bandtvang er ekstra sårbar for ville dyr og fuglar og for beitande husdyr. Fuglar hekkar, ville dyr har nyfødde avkom, og sauer og geiter har små lam og kje. Alle er ekstra sårbare denne tida. Reir kan bli øydelagde, ungar kan komme bort frå foreldra, husdyr kan bli skremde og endog angripne av hundar utan band.

Det er viktig at vi ferdast med respekt - også med hund. Set deg inn i reglane der du ferdast, og hald hunden i band.

På nettsida http://www.nsg.no/forsiden/husk-bandtvang-fra-1-april-article13278-364.html kan du lese meir om kampanjen, og du kan laste ned materiell og bruke, for å støtte kampanjen der du ferdast i naturen. Heng opp plakatar ved starten av turstiar og andre plassar det er naturleg.