Webinar om helsehjelp

Dato:
28. september 2021 12.00 - 15.15
Sted:
Teams
Arrangør:
Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sjå invitasjonsteksta

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Møre og Romsdal inviterer til webinar om helsehjelp.

Publisert 05.07.2021

Tid: 28. september 2021

Stad: Teams (oppkoblingslenke vert tilsendt etter endt påmeldingsfrist)

Reforma legg opp til at eldre skal få moglegheit til å bu heime så lenge som råd, og få støtte til å meistre kvardagen på tross av sjukdom og funksjonssvikt. Samstundes skal dei vere trygge for å få hjelp når dei treng det.

Det handlar om å sikre at dei eldre får teke i vare sine grunnleggjande behov for helsehjelp og hjelp til å førebyggje sjukdom og funksjonssvikt. Det handlar om å skape ei helse- og omsorgsteneste som i større grad tek omsyn til dei eldre sine behov og let dei få vere sjef i eige liv lengst mogeleg.

God helsehjelp vert skapt ved å sette brukar i sentrum, og spørje «Kva er viktig for deg»

I arbeidet med reforma kom det fram behov for meir merksemd retta mot meistring og førebygging, og fysisk aktivitet og trening.  For å møte utfordringane vert det foreslått ulike løysingar der målet er å auke meistring og livskvalitet, førebyggje funksjonsfall og gi rett hjelp til rett tid. Meir merksemd retta mot kvardagsmeistring, proaktive tenester og målretta bruk av fysisk aktivitet er nokre tiltak.

Kunnskaps- og forskingsinstitusjonar, innovasjons- og utviklingsmiljø og frivilligheita er viktige medspelarar saman med dei tilsette i tenestene.

Kva skjer ute i kommunane? Webinaret vil gje nokre smakebitar frå det arbeidet som vert gjort, og det vert høve til spørsmål og refleksjon i plenum.

Føredragshaldarane kjem frå KS, USHT, Helsedirektoratet og kommunane Rauma, Kristiansund, Molde og Ørsta.

Målgruppe: Tilsette og leiarar i alle avdelingar i kommunal helse- og omsorgsteneste, eldreråd, råd for personar med funksjonsnedsettelser, frivilligsentralar, frivillige lag og organisasjonar, kunnskaps- og forskningsinstitusjonar, innovasjons og utviklingmiljø og andre interesserte.

Påmelding:  Det er elektronisk påmelding innan 23. september 2021.  Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.