Rektorutdanning studieåret 2013/2014

Utdanningsdirektoratet sin søknadsfrist for rektor/skoleleiar er 15. mars

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.02.2013

Fylkesmannen viser til Utdanningsdirektoratet (Udir) sitt brev til skoleeigarane, datert 01.02.2013: «Informasjon om søknadsprosedyrer og tildeling av midler til videreutdanning for lærere og rektorutdanningen i studieåret 2013/2014».  Både dette brevet, samt nærare  informasjon om rektorutdanninga – med søknadsprosedyrar, søknadsskjema m.m. - finn du på Udir si heimeside: www.udir.no/rektorutdanning

 Tilbydarar av rektorutdanninga:

  • NTNU – Program for lærerutdanning
  • Universitetet i Bergen
  • Universitetet i Oslo
  • ILS ved Universitetet i Oslo
  • Handelshøyskolen BI
  • Administrativt forskningsfond ved Norges handelshøyskole

Studiet er samlingsbasert og gir 30 studiepoeng over 3 semestre. Evaluering av rektorutdanninga frå 2010 og fram til i dag, viser at skoleleiarane er godt nøgde med studiet, same kva utdanningsinstitusjon dei  studerer ved. Det tyder på at dei ulike studia har høg kvalitet og stettar eit behov hos dei som skal administrere og leie den norske skolen inn i framtida.

 Fristar:

15. mars: Søknadsfrist for rektor/skoleleiar i grunnskole, vidaregåande opplæring og i grunnopplæring for vaksne.

NB! Lærarar er ikkje lenger målgruppe for rektorutdanninga, men kan no søkje om vidareutdanning for lærarar i «Skoleledelse» (nytt frå hausten 2013).

15. april: Frist for skoleeigar å godkjenne søknaden i det elektroniske søkjarsystemet til Udir.

Utdanningsdirektoratet skal fordele 400 studieplassar over heile landet. 1. opptak skjer innan 1. mai,   2. opptak innan 1. juli og  3. opptak innan        1. september. Sjølve studiet er på 30 studiepoeng over 3 semestre.

Finansiering:

Sjølve studieplassen er finansiert av staten. Reise- og opphaldsutgifter, læremidlar og evt. frikjøp/vikarutgifter må den enkelte skoleeigar eller deltakar finansiere.