Alvika massedeponi får ikkje utvide driftstidene
Ålesund kommune avslo søknaden frå Alvika massedeponi om å halde ope på laurdagar og å utvide opningstida til kl. 20.00 på kvardagar ut 2026. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no stadfesta avslaget.
Alvika massedeponi viser i klagen til at samanliknbare naboverksemder i Bingsa-området har lengre opningstider, og at dette er forskjellsbehandling. Dei meiner òg at kommunen ikkje har lagt nok vekt på samfunnsnytta deponiet har, mellom anna ved å ta imot masser frå store samferdselsprosjekt.
Nyleg vedteken reguleringsplan
I den gjeldande reguleringsplanen for Alvika massedeponi er det fastsett klare reglar for driftstidene. Planen vart vedteken av kommunestyret 30. september 2023.
– Under arbeidet med reguleringsplanen var driftstidene eit sentralt tema. Kommunestyret vurderte omsynet til naboane opp mot behova til massedeponiet, og vedtok avgrensingar av omsyn til støy, trafikk og bebuarane i området, forklarer seniorrådgjevar Therese Småland hos Statsforvaltaren.
– Det er akkurat desse vurderingane som det no er søkt om å få endra gjennom dispensasjon frå planføresegnene om driftstider.
Høg terskel for dispensasjon
Det skal mykje til for å gi dispensasjon frå ein nyleg vedteken plan. Statsforvaltaren har i klagebehandlinga kome til at vilkåra ikkje er oppfylte.
– Belastninga for bebuarane vil auke dersom det blir gjennomført støyande arbeid på kveldstid og i helger, der ein i større grad forventar ro. Å endre planføresegnene kort tid etter at planen har trådd i kraft, vil òg svekke reguleringsplanen som styringsdokument og forsterke dei ulempene naboane alt har innretta seg etter, seier Småland.
Gjeldande driftstider
Alvika massedeponi må framleis halde seg til drift på kvardagar mellom kl. 07.00 og 19.00, og halde stengt i helger og på heilagdagar.