Interessert i sommarjobb i skogen?

JOB:U er eit sommarjobbtilbod for ungdom i regi av Skogselskapet i Møre og Romsdal. Prosjektet går over tre år og skal styrke rekruttering og interesse for utdanning og arbeid innan skog- og naturbruk.
Tiltak og innhald
Prosjektet går over tre år og tilbyr ungdom mellom 15 og 25 år sommarjobb i skogen. Ein vonar dette vil føre til auka interesse for skog- og naturbruk, og vidare auka søkjarmasse på grøn utdanning. Det vil og gje dei kompetanse til eventuelt å drifte eigen skog. Gjennom sommarjobben vil ungdommane lære å skjøtte ungskogen med tanke på både eit økonomisk og miljømessig perspektiv.
Sommarjobben går over tre veker i skuleferien. Det skal vere fire ungdommar i kvart arbeidslag som har ein kompetent leiar.
Bruk av ryddesag og stell av ungskog vil vere den viktigaste arbeidsoppgåva under sommarjobben. Alle ungdommar som deltek vil bli sertifisert for å bruke ryddesag. Vidare vil dei lære om sikkerheit, teknikk og få ei grunnleggjande innføring i skogbruk.
Deltakarar og forankring
Prosjekteigar er Skogselskapet i Møre og Romsdal og dagleg leiar, Andreas Furnes Fjærli, er prosjektleiar. Det vil vere samarbeid med skogansvarelege i deltakande kommunar. Naturbruksskulane på Tingvoll og Gjermundnes tilbyr kurslokaler og noko utstyr. Skogkurs vil stå for kursing og noko arbeidsleiing.
Prosjektet er godt forankra i Fylkesstrategi for landbruket i Møre og Romsdal 2023-2026 og Kystskogmeldinga frå 2022. Her er det mål om ei firedobling av verdiskapinga i kystskogbruket, og ungskogpleie er avgjerande for å nå dette målet.
Pilotprosjekt i 2024
I fjor blei det gjennomført eit pilotprosjekt i Tingvoll og Sunndal kommunar med fire ungdommar. Dette ga nyttige erfaringar for prosjektleiinga rundt opplegg og organisering. Alle ungdommane søkte seg inn på naturbruksskular i ettertid.
Finansiering og økonomi
Prosjektet har fått finansiering frå Møre og Romsdal fylke for heile prosjektperioden (2025-2027) på til saman 750 000 kroner. Det vil vidare bli søkt om rentemidlar frå Statsforvaltaren og deltakande kommunar. Det nasjonale JOB:U prosjektet og næringsaktørane vil også bidra. Fakturert arbeid hjå skogeigarar vil og gi inntekter.
Deltakande ungdommar vil bli løna etter aktuell tariff.
Interessert i sommarjobb i skogen?
Følgjande kommunar deltek i prosjektet: Tingvoll, Sunndal, Rauma, Vestnes, Stranda, Sykkylven, Fjord, Ørsta og Volda
Målgruppa for prosjektet er ungdom mellom 15-25 år. Ein tek sikte på opprette nye lag kvart år i prosjektperioden (2025-2027).
Prosjektet ønskjer også gjerne kontakt med kompetente skogbrukarar som ønskjer erfaring med å leie eit arbeidslag.
Ta kontakt med:
Andreas Furnes Fjærli, dagleg leiar i Skogselskapet i Møre og Romsdal
Tlf. 482 75 632,
E-post: aff@skogselskapet.no