Interessert i sommarjobb i skogen?

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, v/Odd Løset

JOB:U er eit sommarjobbtilbod for ungdom i regi av Skogselskapet i Møre og Romsdal. Prosjektet går over tre år og skal styrke rekruttering og interesse for utdanning og arbeid innan skog- og naturbruk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.05.2025

Tiltak og innhald

Prosjektet går over tre år og tilbyr ungdom mellom 15 og 25 år sommarjobb i skogen. Ein vonar dette vil føre til auka interesse for skog- og naturbruk, og vidare auka søkjarmasse på grøn utdanning. Det vil og gje dei kompetanse til eventuelt å drifte eigen skog. Gjennom sommarjobben vil ungdommane lære å skjøtte ungskogen med tanke på både eit økonomisk og miljømessig perspektiv. 

Sommarjobben går over tre veker i skuleferien. Det skal vere fire ungdommar i kvart arbeidslag som har ein kompetent leiar.  

Bruk av ryddesag og stell av ungskog vil vere den viktigaste arbeidsoppgåva under sommarjobben.  Alle ungdommar som deltek vil bli sertifisert for å bruke ryddesag. Vidare vil dei lære om sikkerheit, teknikk og få ei grunnleggjande innføring i skogbruk.

Deltakarar og forankring

Prosjekteigar er Skogselskapet i Møre og Romsdal og dagleg leiar, Andreas Furnes Fjærli, er  prosjektleiar. Det vil vere samarbeid med skogansvarelege i deltakande kommunar. Naturbruksskulane på Tingvoll og Gjermundnes tilbyr kurslokaler og noko utstyr. Skogkurs vil stå for kursing og noko arbeidsleiing.

Prosjektet er godt forankra i Fylkesstrategi for landbruket i Møre og Romsdal 2023-2026 og Kystskogmeldinga frå 2022. Her er det mål om ei firedobling av verdiskapinga i kystskogbruket, og ungskogpleie er avgjerande for å nå dette målet.

Pilotprosjekt i 2024

I fjor blei det gjennomført eit pilotprosjekt i Tingvoll og Sunndal kommunar med fire ungdommar. Dette ga nyttige erfaringar for prosjektleiinga rundt opplegg og organisering. Alle ungdommane søkte seg inn på naturbruksskular i ettertid.

Finansiering og økonomi

Prosjektet har fått finansiering frå Møre og Romsdal fylke for heile prosjektperioden (2025-2027) på til saman 750 000 kroner. Det vil vidare bli søkt om rentemidlar frå Statsforvaltaren og deltakande kommunar. Det nasjonale JOB:U prosjektet og næringsaktørane vil også bidra. Fakturert arbeid hjå skogeigarar vil og gi inntekter.

Deltakande ungdommar vil bli løna etter aktuell tariff.

Interessert i sommarjobb i skogen?

Følgjande kommunar deltek i prosjektet: Tingvoll, Sunndal, Rauma, Vestnes, Stranda, Sykkylven, Fjord, Ørsta og Volda

Målgruppa for prosjektet er ungdom mellom 15-25 år. Ein tek sikte på opprette nye lag kvart år i prosjektperioden (2025-2027).

Prosjektet ønskjer også gjerne kontakt med kompetente skogbrukarar som ønskjer erfaring med å leie eit arbeidslag.

Ta kontakt med:

Andreas Furnes Fjærli, dagleg leiar i Skogselskapet i Møre og Romsdal

Tlf. 482 75 632,

           E-post: aff@skogselskapet.no