Sider og ost på Skarbø Gard i Stranda imponerte landbruks- og matminister Bollestad

Storfamilien som var vertskap for besøket av statsråden og stortingskandidat Harry Valderhaug, f.v. Lars Helge Skarbø, Eli Skarbø med Carlos på fanget, Carlos Ruiz Rabelo, Kristine Skarbø og døtrene Elena og Carolina.
Storfamilien som var vertskap for besøket av statsråden og stortingskandidat Harry Valderhaug, f.v. Lars Helge Skarbø, Eli Skarbø med Carlos på fanget, Carlos Ruiz Rabelo, Kristine Skarbø og døtrene Elena og Carolina. Foto: Brit Kari Eidseflot Hauger.

Gardbrukarane Kristine Skarbø og Carlos Ruiz Rabelo imponerte statsråden med si satsing på sider- og osteproduksjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.08.2021

Strålande sommarver og flott utsikt over Storfjorden var ramma då Kristine og Carlos nyleg tok imot besøk av landbruks- og matminister Olaug Bollestad på garden sin. Fylgjet fekk servert ein nydeleg lunsj med råvarer frå garden, og Bollestad ga seg god tid til orientering og omvising.

Kristine og Carlos serverte ein nyudeleg lunsj med råvarer frå garden til landbruks- og matministeren.
Kristine og Carlos serverte ein nyudeleg lunsj med råvarer frå garden til landbruks- og matministeren.

Internasjonal bakgrunn

Kristine og Carlos kom heim til Stranda og tok over garden i 2014, som åttande generasjon. Det var ikkje sjølvsagt at odelsjenta med ein doktorgrad i økologisk antropologi og fleire spennande forskingsprosjekt mellom anna i Sør-Amerika, skulle ta med seg sin spanske ektemann og reise heim. Men slik vart det, og på mjølkebruket har dei no satsa på produksjon av ost, sider og eplemost. Med tre ungar i alderen 2 år til 5,5 år, er det godt å ha dei spreke kårfolka Eli og Lars Helge Skarbø i tunet. Dei kan trø til med både mjølking og barnepass.

Bruket har 20 mjølkekyr og 137 tonn i kvote. På sommaren mjølkar dei ikkje kyrne, men let dei beite i utmarka. Kristine og Carlos slår graset på tre nabobruk. Det utgjer halve grovfôrarealet, utan at det vert lange transportavstandar.

Lansering av ny ost

Osteproduksjonen skjer i eit nytt ysteri i det 100 år gamle våningshuset. Her har dei også gardsutsal. Osten vert modna i ein naturleg sval steinkjellar. Carlos sin spanske familie har lært dei å yste slik det vert gjort oppe i fjellet i Sierra Nevada. Dei produserer tre variantar av osten Soleglad, der den lagra varianten fekk bronsemedalje i World Cheese Awards i 2018. Osten Carmen er oppkalla etter Carlos si bestemor, og har ei skorpe av røykt paprika og kaldpressa olivenolje.

Statsråden fekk også smake på ein heilt ny ostetype, som er modna i sider. Namnet var ikkje endeleg bestemt endå, men forslaget om at den skulle heite Apal fekk full støtte frå Bollestad.

Kristine Skarbø med smaksprøver på ein ny ost, modna i sider, som kanskje får namnet "Apal".
Kristine Skarbø med smaksprøver på ein ny ost, modna i sider, som kanskje får namnet "Apal".

Siderproduksjon

Det har tidlegare vore drive med fruktproduksjon på garden, og det vert no satsa friskt. Over 1 000 nye epletre av ulike sortar er planta i år. Dei er no inne i sin tredje sesong med siderproduksjon, og lagar i alt sju typar. Nokre kan kjøpast hos Vinmonopolet, og fleire er premierte i konkurransen Norges Beste Eplemost, Eplesider og Fruktvin.

Kristine og Carlos framheva at støtta frå landbrukskontoret og Innovasjon Norge til satsinga deira, både økonomisk og gjennom rådgjeving, har vore avgjerande for at dei skulle tore å satse.

Over 1000 nyplanta epletre, saman med den gamle Petrine-apalen som vart avla fram i Norddal på 1800-talet.
Over 1000 nyplanta epletre, saman med den gamle Petrine-apalen som vart avla fram i Norddal på 1800-talet.

Dilemma for framtida

Nye forskriftskrav om mellom anna kalvingsbinge frå 2024 og lausdrift frå 2034, gjer det nødvendig med investering i ny fjøs. Men i fylgje rådgjevaren hos TINE er det ikkje lønsemd i dagens driftsopplegg til å bygge. Kristine var tydeleg i sin bodskap til landbruks- og matministeren:

– Vi kan ikkje leve av idealisme åleine. Basisproduksjonen er mjølkeproduksjon, og den må verte betre betalt slik at bruket kan fortsette drifta. Mitt arbeid som bonde må vere like mykje verdt som arbeidet mitt som antropolog.

For å kunne investere i ny fjøs vert dei tilrådd å auke produksjonen, men det er ikkje ledig grovfôrareal i bygda. Dei bør også mjølke om sommaren, men då får dei ikkje utnytta utmarksbeitet som i dag. Kristine og Carlos står i eit dilemma, med eit sterkt ynskje om å utnytte ressursane som bruket har.

I fylgje Inge Bjørdal, næringssjef i Stranda kommune, er det fleire bruk i same situasjon som på Skarbø Gard i kommuna.

Kristine ga klar melding til landbruks- og matminister Bollestad:

– Mat er det viktigaste i livet. Det må du få fram og argumentere med for betre rammevilkår for bøndene.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.