Inspirasjonssamling og MRmat 2026

Bildet fra v. Brosundet • Trollstigen: Terje Rakke, Fjord Norway • Geiter: Monica Ertvaag • Sjøbua • nederst til h.: Storstova. Foto kredit.

Driv du gard, foredling, restaurant, hotell eller reiseliv – og vil få meir ut av lokale råvarer, betre samarbeid og fleire kundar eller finne lokale leverandørar?  

Publisert 14.01.2026

Då er inspirasjonssamling og MRmat 2026 årets møteplass. Arrangementet rettar seg mot produsentar av lokal mat og drikke, serveringsstadar, reiseliv og næringsmiddelbedrifter med lokal tilhøyrigheit. Programmet består av inspirasjonssamling og heile 5 bransjeretta fagkurs.

Inspirasjonssamling

Tysdag 24. februar vert inspirasjonssamlinga arrangert på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Tema er:

  • fagleg påfyll, trendar og ekte erfaringar frå heile verdikjeda
  • speeddate mellom lokale produsentar og kokkar/mataktørar, med tid for smak, prat og gode møter
  • dagen vert runda av med middag på Borgund videregående skole, der kokkeelevane lagar ein skikkeleg smakfull kveld med lokale råvarer

Arrangementet er eit samarbeid mellom prosjektet Lokalmat Møre og Romsdal, Kompetansenettverk lokalmat, Matarena og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, og er finansiert at Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fagkurs

Onsdag 25. februar vert ein praktisk fagdag med verkstader, smakar og økter der produsentar, kokkar og fagfolk utforskar råvarer, teknikkar og nye mogelegheiter på Borgund videregående skole. Vel mellom praktiske økter som: surdeig & grovbakst med lokalt mjøl, direktesal av gardsmjølk, NM-vurdering av kjøtprodukt, innsal for siderprodusentar og kokkekurs i stykningsdelar (meir smak, mindre svinn).

Påmeldingsfrist 30. januar

Meir informasjon og påmeldingslenke finn du her.

Kontaktinformasjon

Inspirasjonssamling: Ingerid Wembstad, Matarena - ingerid@matarena.no 
- 994 03 999

MRmat: Egil Hustoft, Kompetansenettverk Lokalmat - egihus@trondelagfylke.no
- 906 64 140