Kulturlandskapsprisen 2022 til Gudmund og Cathrine Kårvatn

Kårvatn
Kårvatn Foto: Øivind Leren.

Gudmund og Cathrine Kårvatn får kulturlandskapsprisen i 2022. Garden deira, Kårvatn, ligg øvst i Todalen i Surnadal kommune. Garden vert driven imponerande allsidig og godt for folk og fe.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.09.2022

– Eg gratulerer Gudmund og Cathrine så mykje med prisen, seier statsforvaltar Else-May Norderhus. Ho har sitte som leiar av juryen for prisen i år. 

På Kårvatn er det både dyr, turisme og butikk. Her tek dei godt vare på jord, bygningar, natur, husdyr og folk. Dette har juryen sett.

–  Den allsidige aktiviteten på Kårvatn syner at Gudmund og Cathrine er opptatt av å ta vare på garden og verdiane den har. Dei bruker ressursane i eigedomen, ser framover og vidareutviklar garden til det beste. Arbeidet deira gir opplevingar og ny kunnskap. Gamle tradisjonar kjem besøkande og kommande generasjonar til gode. Gudmund og Cathrine er svært verdige vinnarar av Kulturlandskapsprisen 2022, seier Else-May Norderhus.

Lang historikk og flott natur

Kårvatn er ein fjellgard ved foten av Trollheimen, inst i Todalen. Her har det vore gardsdrift sidan 1400- tallet, men det har truleg vore menneske her sidan steinalderen. Tunet består av mange godt vedlikehaldne gardsbygningar, frå periodar mellom 1700- og tidleg 1900-tal. Garden ligg i eit område med fleire historiske vegar mellom kyst og innland. Her finst fleire kulturminne frå ulike tidsperiodar.

Kårvatn er på heile 110 000 mål, og strekk seg inn i Trollheimen landskapsvernområde.

– Her er stor variasjon i flora og naturtypar: frå frodige dalføre til det skrinne høgfjellet. Det er knytt mykje utmark til garden. Utmarka har gjennom heile gardens historie blitt brukt til husdyrbeite, seterdrift, skogsdrift, jakt og fiske, fortel statsforvaltaren.

Låven på Kårvatn
Låven på Kårvatn Foto: Janne B. Klepp.

Storfe på beite og turistar i hytter

Drifta på garden er allsidig. Ein av pilarane er kjøttproduksjon med storferasen Angus. Med ei stor utmark å beite i, har dyra svært gunstige rammer. Dei går ute heile sommaren. Her kan dei nyte ein variert meny. Samstundes held dei landskapet ope og variert. I tillegg til ammekyr huser garden høner, lama, hund, katt og gammelnorsk spælsau.

– Fjellturisme er ein annan grunnpilar på Kårvatn. Sidan 1880 har turismen blitt ein stor del av drifta. På Kårvatn tilbyr dei overnatting i hytter, både i fjellet og nede i dalen. Garden er eit svært godt utgangspunkt for korte og lengre topp- og ryggsekkturar, både sommar og vinter, seier Else-May Norderhus.

Sportsbutikken på ville fjellet

«Kårvatn Fjellutstyr» gir turistar og andre moglegheit til å supplere turutstyret sitt. Butikken vart etablert på garden av Gudmund for 30 år sidan. Her finst funksjonelt og godt utstyr til dei fleste turar. Butikkhuset er eit gammalt fjøs frå Oppdal. I 2009 vart det frakta derfrå og satt opp att på Kårvatn. I 2019 opna dei også nettbutikk.

Forsking og ny kunnskap

– Kårvatn tar dessuten imot forskarar. Norske institutt for forsking på vatn, luft og skog er mellom dei som har funne staden her spesielt interessant. Her er så reint. Kårvatn blir til dømes brukt som referansepunkt for det reinaste vatnet i Europa, fortel statsforvaltar Else-May Norderhus.

Prisvinnarane saman med statsforvaltar Else-May Norderhus
Prisvinnarane saman med statsforvaltar Else-May Norderhus Foto: Lars Levende Jakobsen.

Juryen for Kulturlandskapsprisen 2022 har bestått av statsforvaltar Else-May Norderhus (leiar), fylkesordførar Tove Lise Torve, fylkeskonservator Bjørn Ringstad og ass. landbruksdirektør Brit Kari Eidseflot Hauger.

Utdelinga av prisen skjer 6. september på Kårvatn. 

 

Kontaktpersonar

Kulturlandskapsprisen

Prisen består av ein sjekk på kr 10 000, eit kunstverk, ein plakett og ein diplom. Prisen har vore delt ut av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sidan 2001, med unntak av 2018.

Prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde-Noreg.

Finn alle priskriteria og meir informasjon her... 

Her ligg oversikt over tidlegare vinnarar...